Studentar lagar innslag under ski-VM

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studerer under ski-VM

Saka var først publisert i Møre-Nytt. 

– Det er hektisk her, og det går i eitt frå morgon til kveld, seier Einar Fannemel til Møre-Nytt.

Han er andreårsstudent på journalistikkstudiet ved Høgskulen i Volda, og leiar for førsteårsstudentane som er leigde inn av produksjonsselskapet Skyline under VM i nordiske greiner i Falun i Sverige.

Studentane produserer både direktebilde og lagar innslag frå langrennsstadion og frå hoppbakken under VM. Alt blir sendt på storskjermane på stadion.

– Det er studentar som går på TV-spesialisering som er med. Sidan innslaga skal vere på svensk, har vi to svenske reporterar som står framfor kamera, seier Fannemel.

LES OGSÅ: Frå lærling til fast tv-jobb 

Speakerlegende
Bak Skyline står den kjende speakeren Kjell Erik Kristiansen. Han har sete i speaker-bua på fleire hundre skistadionar verda over, og er ei legende i miljøet. Kristiansen har gjort det til ein vane å leige inn Volda-studentar til slike arrangement.

– Vi har hjelpt til på ein del arrangement i Noreg. No sist var vi på ski-NM på Røros. Skyline var så nøgde med erfaringa derifrå at dei leigde oss inn til Falun også.

Medan det var tredjeårsstudentar som var på Røros, er det altså førsteårsstudentar som har reist til Falun.

– Så de er dyktige nok til å løyse dette etter så kort tid på skulen?

– Ja. Det som er så bra med dette, er at det verkeleg er «learning by doing». Vi får opplevde korleis slike produksjonar blir til, og får vere ein del av dei, seier Fannemel.

Den første veka er elleve studentar på plass i Falun, før elleve nye kjem og avløyser dei i veke to.

LES OGSÅ: Er dette Noregs mest aktive skule?

Bror til verdsrekordhaldar
Ski-VM er litt spesielt for han. Honndølen er nemleg tvillingbroren til Anders Fannemel, som nyleg sette verdsrekord i skiflyging i Vikersund.

– Er det nokon som har stoppa deg på gata og trudd du er verdsrekordhaldar?

– Hehe, ja det var ein eg møtte på Kvam som spurte om det var eg som hoppa langt på ski. Men elles har det ikkje vore noko. Men det er klart det er litt spesielt for meg å vere her, seier Fannemel.

Men i Falun Einar sikra seg iallfall ein viss kjendisstatus. Han har nemleg vorte intervjua av Christian Paasche i campingbilen til TV2.