Er dette Noregs mest aktive skule?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs mest aktive skule?

Artikkelen var først i Møre-Nytt

Fredag føremiddag vart den nye skistallen til Ørsta ungdomsskule offisielt opna. 30 skipar med smørjefrie ski, stavar og sko er på plass i skistallen, og dermed kan skulen tilby ski til alle elevane i ei klasse. Saman med lærar Jan Terje Øye har elvane hatt ansvaret for å lage til rommet der skia er, og har laga stativ.

– Kjetil Rekdal snakkar om coaching i verdsklasse. Ørsta ungdomsskule er nok ikkje i verdsklasse, men at vi er i noregstoppen det er eg heilt sikker på. Vi har ein skule med eigen sykkelstall, eigen spinningsal, gymnastikksal med OL-golv, aktivitetar med bordtennis og ute har sandvolleyball- og basketbane. Vi kan gjere oss nytte av grus- og grasbane, i tillegg har vi eit fylkesanlegg i friidrett. Alt dette gjer at vi kan ha variert aktivitet i gymtimane, seier seksjonsleiar Einar Myrold for kroppsøving som har vore initiativtakar bak skiparken.

LES OGSÅ: Hastemøte for å sikre at barn lærer å svømme

La ut på skitur
Elevane frå 8A var med på opninga fredag, og la ut på skitur etter at rektor Marianne Solbjørg Ose, Øye, banksjef Line Bjerknes frå Sparebanken Møre og Kenneth Nydahl frå G-sport hadde klipt snora og offisielt opna skiparken.

– Det er veldig kjekt med skiparken. No slepp vi ha med ski heimanfrå, og slepp mykje styr. Utvalet er godt og det er enkelt å finne ein skipakke som passar, seier Emilie Bjørdal Ose og Diana Foldal som no ser fram mot gymtimane med langrenn på timeplanen.

LES OGSÅ: Tre av ti hatar gym

Halvparten kjem med ski
For å få på plass skiparken har Sparebanken Møre gitt midlar og G-sport Ørsta har gitt ein god pris på skiutstyret.

– Vi er takksame og stolte over at vi får bidra til at Ørsta ungdomsskule no kan ha ståande eit komplett klassesett med ski, stavar og støvlar til elevane. Vi vonar at skiparken vil gi gode opplevingar slik som skular har frå tilsvarande sykkelprosjekt, seier Bjerknes.

– Skal du invitere på skidag så er kanskje halvparten av elevane som kjem med ski. Dette er fin måte for elevane å få prøve langrenn, og finn ut at det er kjekt, seier Nydahl.

Rektor meiner at skiparken er eit flott tiltak, og at det er engasjement i personale som gjer at skiparken er ein realitet.

LES OGSÅ: Vibekes beste tips for å kome i form