Babelsk framtidstru

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først hos Ivar Aasen-tunet

Slike framtidsvisjonar blir ifølgje teknologiselskapa Google og Skype no verkelegheit. Begge arbeider med ny teknologi som skal omsetje tale på direkten mellom ulike språk.

Heilt nytt er dette ikkje. Eg har i nokre år hatt eit program på telefonen som kunne omsetje ord for ord mellom ulike språk. Det er berre å seie ordet inn i mikrofonen, så får du tolkinga ut i den andre enden. Det vil seie, om programmet forstår og tolkar uttalen din rett i første omgang. Førebels er «Sorry, I´m not sure what you said» den mest vanlege tolkinga.

LES OGSÅ: Griseprat med ein språkprofessor

No nyleg fekk desse nære framtidsdraumane god plass i NRK P2 si morgonsending. Og ifølgje den reportasjen var det ikkje måte på kor mange problem dette skulle løyse. Journalisten hadde snakka med fleire, inkludert fagfolk frå universitet, som meinte dette ville skape mykje meir internasjonal forståing mellom både statsleiarar og bedrifter verda over. Eg sat faktisk att med inntrykket at dei alle var sikre på at denne teknologien kjem til å skape fred over heile verda. Nobelprisen neste. Ingen, ikkje ein gong ein professor i teknologi, valde å seie noko om utfordringane ved å stole blindt på slike digitale verktøy.

LES OGSÅ: Orda som bind oss saman

Du skal ikkje ha mykje erfaring med Google translate og liknande for å forstå at her ligg ein del potensielle misforståingar i digital omsetjing. Setninga «Eg vil slutte å krige med deg», blir t.d. til «I want to quit adventuring with you» på engelsk. Det var i utgangspunktet ei dårleg formulert setning på norsk, eg er einig i det. Men heller ikkje statsleiarar snakkar i perfekt gjennomtenkte grammatikalske setningar heile tida.

Eg helsar med glede digitale omsetjingsverktøy velkomen, men den menneskelege tanken er framleis maskina overlegen. Medan vi ventar på at dei amerikanske teknologiselskapa skal bidra til verdsfreden, kan dei få hjelpe oss med å bestille kaffi på all verdas språk. Då roar i alle fall eg meg ned.

LES OGSÅ: Bør norsken kuttast frå dataspel?