Elevane i Sandeid får testa kodekunnskapane, og bygger ekte robotar.

Grethe Hopland Ravn, Grannar
Grethe Hopland Ravn, Grannar

Artikkelen var først hos Grannar.

Å undervurdera barn når det kjem til teknologi og koding er ei farleg felle å trø i, for er det nokon som lærer dette fortare enn svint, så er det barn. Digitalveka på Sandeid skule er eit bevis på det.

LES OGSÅ: Fullt mobilbatteri på halvt minutt

Tradisjon tru blei det arrangert temaveke siste veke før vinterferien på Sandeid skule, og i år var det temaet koding. Martin Miljeteig Svendsen er ein av dei som har full kontroll på kodinga si. Han har bygd ein Lego-robot, som er av typen NTX Tecno Lego, og er i ferd med å programmera roboten via datamaskinen.

— Eg har bygd denne roboten heilt sjølv, og den er utstyrt med ein hjerne og nokre sensorar. Eg skal programmera den til å køyra tre rundar med dekka sine, før den stoppar. Eg vil også programmera den slik at den stoppar opp når eg klappar i hendene. Roboten har både lydsensor og «auge», seier femteklassingen ivrig og legg til at det er lett å læra seg denne typen programmering.

LES OGSÅ: Bli kvitt reklamen med denne

Komponistar
Det er ikkje tvil om at teknologiutviklinga er som eit lyntog som går fort i svingane, så her er det berre å henga på. Ramlar ein av i ein sving, er ein med andre ord i store problem.

Der ser ikkje ut til at elevane har særlege problem med å henga på, for aktiviteten er både entusiastisk og hektisk. Mens Martin Miljeteig Svendsen er på gruppa TeknoLab, er ein annan gjeng på gruppa for musikk.

Her lagar dei eigne komposisjonar som dei legg på bilete dei har tatt og redigert sjølve. Målet er å lage ein lysbildeserie, med musikk i bakgrunnen og verktøyet dei brukar er iPad der dei har lasta opp appen Garageband.

— Eg kunne ein god del frå før av, men eg har absolutt lært mykje nytt også, seier sjuandeklassing Kamila Cieslar. Ho demonstrerer kjapt og effektivt korleis ein legg på forskjellige instrument til lydfilene sine og korleis ho legg musikken til lysbildeserien. Bileta dei skal ta er portrett, naturbilde, selfies og aktivitetsbilde.

LES OGSÅ: Flygebrettet er her

Dataspel
Dei har også ei heilt eiga gruppe for koding, og på denne gruppa skal dei lage eigne pc-spel. Veslemøy Eknes Bakkedal går i femte klasse og ho er godt i gang med å laga eit dataspel der ein figur som går bortover skjermen, må passa seg for diverse hinder, samstundes som han må sanka inn poeng. Bakkedal må sjølv byggja opp miljøet rundt denne figuren, med både bakkar, dalar, jordsmonn, blomar, hinder, fallgruver og så må ho koda inn kva som gir poeng og kva som stel liv.

— Eg har berre jobba med dette i to timar enno, men eg har ei heil veke på meg, så eg trur det blir eit kult spel til slutt, seier ho og innrømmer at ho er ganske fornøgd.

LES OGSÅ: Skjønar ikkje teknospråket

Læra og skapa
Rektor ved skulen, Ingebjørg Rullestad Gjerde synest årets tema er svært spennande.

— Lærarane ved Sandeid skule hadde i januar eit kurs om koding. Dette var eit innføringskurs i programmering for nybyrjarar. Då hadde me Espen Clausen frå Tysvær kommune på besøk for å setja oss litt meir inn i korleis me kan bruka koding i kvardagen. Me ønskjer å vera ein skule som er med i utviklinga og er litt «framsynte», seier Gjerde og legg til at også elevane har fått eit lite grunnkurs i koding på barnetrinne i forkant av temaveka.

Ho legg også til at det er positivt at barna får meir kunnskap rundt korleis ein kan bruka digitale verktøy til å læra eller skapa noko, og ikkje berre til underhaldning.

Digitalveka er for heile skulen, og er delt inn i småskuletrinnet og mellomtrinnet. Mens elevane på mellomtrinnet må velja mellom kodegruppe, TeknoLab eller Garageband, får småskuletrinnet vera med på fire grupper: Skattekart, laga spel, kommunikasjonsspel med Lego og TeknoLab. Godt nettvett er hovudfokuset. I kveld blir veka avslutta med Temakveld, der elevane både skal ha utstilling og aktivitetar som viser foreldre og føresette kva dei har jobba med i løpet av veka.

LES OGSÅ: Neste år køyrer Tesla-bilane sjølv

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE