Neste år køyrer Tesla-bilane sjølv

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit intervju med CNN Money seier Tesla-sjefen at til sjølvkøyrande bilar er framtida.

Sjølvkøyrande bilar vil definitivt bli ein realitet. Til neste år vil nok ein Tesla-bil vera 90 prosent på autopilot, i alle fall på motorvegar.

Vidare forklarar han, noko vagt korleis det skal foregå – med ein kobinasjon av ulike sensorar, kamera og radar.

Tidlegare i haust skreiv me meir om førarlause bilar. Då forklarde Gunnar Jenssen, transportforskar ved Sintef, korleis førarlause bilar kan fungera.

– Det er ein kombinasjon av satellitt og lokal posisjonering som tolkar vegen framfor deg. Sjølvparkerande bilar som gjer det same med låg fart har me hatt lenge, men gjennombrotet ligg i dei høge hastigheitene, seier Jenssen.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

Fleire forsøk
Det er fleire enn Tesla som prøver seg med sjølvstyrte bilar. Google har lenge jobba med sin sjølvstyrt bil, og på Heathrow har gruppa Citymobil gjort forsøk med bilar utan sjåfør.

Fleire byar er og komme langt på veg i å sleppa førarlause bilar laus på vegane. I California og Nevada har det vore lov ei stund, og der har Google sine sjølvstyre bilar allereie køyrd 700 000 km.

No freistar altså Tesla å utfordra Google.

LES OGSÅ: Førarlause bilar lovleg til neste år