Lærarstudentar er minst tilfreds

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærarstudentar minst tilfreds

Samla sett er studentane i stor grad fornøgde med studiet sitt, viser tala frå andre runde av den nasjonale studentundersøkinga som vart gjennomført hausten 2014.

LES OGSÅ: Mindfulness på timeplanen?

Topp medisin
Av dei som deltok, svarar tre av fire at dei er tilfredse med studiet, medan 7 prosent seier dei ikkje er det. Det er nesten uendra frå 2013 då undersøkinga vart gjennomført første gong.

Politistudentar, fysikkstudentar, sjukepleiarstudentar og medisinstudentar er blant dei mest nøgde. Nesten 83 prosent av medisinstudentane svarar at dei «alt i alt» er fornøgde med studiet.

LES OGSÅ: Lærarstudentar må ha minst 4 i matte

Grunnskulelærarar på botnen
Dei minst fornøgde studentane finn ein på ingeniør- og lærarstudia. På ingeniørstudia svarar rundt 71 prosent at dei «alt i alt» er nøgde med studiet sitt, medan omtrent 62 prosent av grunnskulelærarstudentane svarar det same. (©NPK)