Kva skal du bli?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein månad til fristen

Artikkelen var først i Tysnesbladet

Elevane i 10. klasse ved Tysnes skule sit konsentrerte framføre pce-skjermane sine, nokre i klasserommet, nokre i biblioteket. Temaet dei jobbar med er «utdanning», og dei skal finna litt meir ut om kva type utdanning dei skal velja etter ungdomsskulen. Søknadsfristen til vidaregåande skule går nemleg ut fyrste mars.

– Eg har vore litt usikker heile vegen, men eg har bestemt meg for å gå elektrolinja, og bli elektrikar. Då får eg ein god jobb som er godt betalt, og eg er i fysisk aktivitet. Det er det eg er ute etter. Eg orkar ikkje sitja inne på eit kontor, seier Amaile Skorpen, som går i 10 A.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

Vil hjelpa
Ho fortel at ho har ein del elektrikarar i familien.

– Det er ikkje ei typisk jentelinje, seier Skorpen.

Heidi Synnøve Brekke, som også er elev i 10A, har lengje visst at ho ville hjelpa folk med psykisk helse.

– Men gjennom jobbinga med temaet utdanning på skulen, har eg blitt endå sikrare på at det er psykolog eg vil bli, seier ho.

LES OGSÅ: – Det viktigaste ein kan gi ungdom

Oppgåve
Elevane skal mellom anna skriva ei oppgåve om kva utdanning dei vil velja, om rettar knytta til vidaregåande opplæring og kvifor dei treng dette. Oppgåva skal også innehalde eit intervju med ein person som har det yrket dei har valt.

– Eg skal gå helse og sosial-linja, og ta påbygg siste året slik at et får generell studiekompetanse. Så er det seks år, der eg studerer for å bli psykolog, seier Brekke.

– Eg skal gå på elektrolinja i to år, og skal deretter ut i lære, fortel Skorpen.

Utanom oppgåva skal elevane ha ein skrivedag, der dei skal skriva om yrket dei har valt. Dei har mellom anna vitja Stord vidaregåande skule, Os vidaregåande skule og Fusa vidaregåande skule, og hatt vitjing frå fleire skular. Utdanningsmessa på Stord har også vore ein del av opplegget.

LES OGSÅ: Færre søker yrkesfag