Fleire elevar fullfører yrkesfag
Camilla Skålevik og Tina Andrea Åkra angrar ikkje eitt sekund på valet av utdanning, men kjenner fleire som angra på at dei valde studiespesialisering.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kjempekjekt, seier Camilla Skålevik og Tina Andrea Åkra. Dei er stornøgde etter eit og eit halvt år som lærlingar i sveising ved Kværner Stord. Med 110 lærlingar er industriverksemda blant dei største lærebedriftene i landet.
– Me treff masse kjekke folk, seier Camilla.
– Og så er det kjekt å halda på med noko som ikkje så mange andre jenter gjer. Det er alltid noko nytt å læra. Det er ikkje berre sveising me driv med. Me hjelper òg til med å setja saman ting.
No arbeider dei mest med å sveisa saman røyr som skal til det store Nyhamna-anlegget utanfor Molde og Edvard Grieg-plattforma.
– Kva var det som gjorde at de valde å ta denne utdanninga?
– Eg hadde inga aning kva eg skulle bli, men eg ville ikkje ta helsefag, seier Camilla Skålevik.
No er ho strålande nøgd med valet av utdanning.
Begge jentene seier dei har venninner som angrar på at dei valde studiespesialisering.
LES OGSÅ: – Stolt over å vera automatikar
Får råd om studiespes
Nina Hagerup Johannessen er dagleg leiar i Ytre Sunnhordland Opplæringskontor. Ho fortel at ho ofte høyrer unge som får til råd å ta studiespesialisering om dei ikkje veit kva dei vil vidare etter ungdomsskulen. Ho kunne ønskt at rådgjevarane ved skulane blei flinkare til å løfta fram yrkesfag. Ho er likevel ikkje sein med å understreka:
– Det er ikkje for seint å skifta utdanning undervegs.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 83 prosent av elevane som byrja i 2008 klarte å fullføra studiespesialisering i løpet av 2013. Talet for yrkesfag var 57 prosent. Men utviklinga har vore positiv. Berre 50,5 prosent av elevane som byrja i 1994 klarte å fullføra yrkesfagleg utdanning i løpet av fem år.
Både bygg og anlegg, teknikk og produksjon og elektrofag er mellom dei som opplever nedgang i fråfallet. Også i Sunnhordland merkar dei ein positiv treng:
– Me har hatt veldig flinke lærlingkull dei siste åra. Det har nok òg med at bedriftene har blitt flinkare med oppfølginga, trur Nina Hagerup Johannessen.
LES OGSÅ: Krev auke i lærlingtilskotet
Større jobbsjansar med lågt fråvere
Jobbutsiktene til Camilla Skålevik og Tina Andrea Åkra ser lyse ut etter dei er ferdige med læretida til sommaren.
– Me har fått høyra at det er viktig å ha lågt fråvere og at me følgjer med og jobbar bra.
Det stadfestar leiar ved Opplæringsavdeling Leif Ottar Heimro.
– Me er ute etter motiverte og kjekke ungdommar. Det første me ser etter er fråveret.
Ei god læretid gir gode sjansar for jobb seinare.
– Strategien vår er at me rekrutterer via lærlingar. Det ser veldig bra ut for dei som oppfører seg bra. Eit fagbrev frå Kværner er eit verdipapir som er attraktivt i arbeidsmarknaden, held Heimro fram.
LES OGSÅ: Færre søker yrkesfag
Faktaboks
Halvparten av dei 74.000 som søkte vidaregåande opplæring i 2014, søkte seg til yrkesfag.
Dei fleste yrkesfaga er sett saman med to år på skule og to år som lærling.
Totalt 27.000 søkte seg til lærlingplass i 2014, og 18.600 fekk innvilga slik plass.
Resten må ta lærlingtida på skulebenken. Det er høgare fråfallsprosent her enn hos dei som får lærlingplass.
I Oslo har 81 prosent av søkarane fått lærekontrakt innan nyttår. I Rogaland er talet 80 prosent og i Hordaland 74 prosent. Østfold er på botn med 55 prosent.