Øyvind Holen trur suksessen med Donald på Finnmarksvidda vil bana veg for meir dialekt og lokale historier i Donald Duck & co.

mm

Etter at Donald Duck og co hadde innslag av nynorsk for fyrste gong på over 50 år sette Noregs Mållag i gang Facebook-kampanjen «Nynorsk i Donald? Ja takk», som i skrivande stund har over 1600 liker.

LES OGSÅ: «Rarill Krise» snakkar nynorsk!

Språktaktikk
Forfattar av Donald-landet, Øyvind Holen, meiner det er naturleg at språket i Donald engasjerer, sidan bladet har vore noko av det mest populære lesestoffet for ei ung og påverkeleg lesargruppe gjennom fleire tiår.

Då Donald Duck & Co vart lansert i Noreg i desember 1948 var det i ei tid då debatten om skadeverknadane av teikneseriar stod på dagsordenen.

I 1952 oppretta norske myndigheiter Det rådgjevande utval for teikneseriar (DRUFT), som skulle sjå på innhaldet i underhaldninga.

I USA, der mange av teikneseriane våre kom frå, var debatten enno skarpare enn her heime.  Den tysk-amerikanske psykiateren Fredric Wertham påsto mellom anna at teikneseriar fekk ungdommen til å verte homofile, kriminelle og narkomane.

– Difor var det ein strategi frå byrjinga å ha godt språk. Det første nummeret vart ikkje fronta med redaktøren, men omsettaren, som var lærarinne, forklarar Holen.

LES OGSÅ: Mållaget: – Dette vil folk ha

Frå Sørstatane til Voss
Donald har mellom anna måtte svare for kritikk om «slett språk», men ifølgje Donald-eksperten kan ingen av språkdebattane måla seg med «Eggemysteriet», som kom midt oppi språkstriden.

– I originalen snakka Eggefolket ein sørstatsdialekt, sjølv om serieskaparen Carl Barks ofte prøvde å unngå dialekt, med tanke på omsettingane. Det interessante er at verken i Sverige eller Danmark prøvde dei å omsette dette til ei lokal dialekt.

I dialektlandet Noreg var omsettar Vivi Aagaard først inne på å nytte Toten-dialekta, men landa på eit slags vossamål.

– Det vart oppfatta som ein gjorde narr av nynorsken og Vestlandet fordi ein lot folk som vart oppfatta som litt tilbakeståande og rare snakke slik. I tillegg var det heile prega av språkforvirring med ei blanding av vossadialekt, gamaldags nynorsk og Prøysen-dialekt, seier Holen.

Både Donald-redaktør Ernst Gervin og omsettar Vivi Aagaard forsvara språket i Donald-klassikaren. I tillegg understreka Alf Prøysen at han ikkje følte seg støytt av innslag av Toten-dialekta.

Bladet vart trekt inn frå bibliotekhyllene medan Det rådgjevande utval for teikneseriar behandla klaga. Utvalet konkluderte med at bladet ikkje var diskriminerande ovanfor noko norsk språkgruppe.

Saka fekk òg internasjonal merksemd då både The Times og Berlingske Tidende omtalte eggestriden i Noreg.

Eggesnakk
Gard Espeland vart fødd året etter at Donald kom til Noreg, og har vore Donald-lesar lenger enn dei fleste. Som teikneserieomsettar har han òg eit særs medvite forhold til språket i snakkeboblene.

Han hugsar godt då «Eggemysteriet»kom ut på norsk 1963.

– Det var to-tre innlegg, som i ettertid har vorte framstilt som ein stor debatt.  Dei færraste var engasjert i det, det var kanskje eit par i nynorskbefolkninga som vart sure. Poenget var at det skulle vere gamaldags vossamål, feilen var at ein kalla det nynorsk, forklarar Espeland, som sjølv tykkjer historia er glimrande.

Då forteljinga vart trykt opp att på 70-talet var det nynorskliknande språket vaska vekk. Slik har det seg at Øyvind Holen sitt første møte med «Eggemysteriet»var på reint bokmål.

Vulle Vuojas og Ola Nebb
Men Donald Duck er ikkje framand for språkleg mangfald. Frå 1987 kom 33 samiske nummer om Vulle Vuojas ut.

Mellom 1984 og 1991 gav Serieforlaget ut sju Donald-album på nynorsk. Nokre av desse omsette Gard Espeland direkte frå tysk.

I tillegg omsette han i 1984 ei Donald Duck-stripe for Dag og Tid.

– Donald på nynorsk i Dag og Tid var mest eit gimmick. Men då Reidar Mathistad sa at me skulle døype Donald til Ola Nebb fekk me plutseleg masse presse. Walt Disney i København fekk nyss i det og sa at det kom ikkje på tale, minnast Espeland.

Sjølv om han gjerne skulle sett meir nynorsk i offentlegheita, ser Espeland på Donald Duck først og fremst som eit bokmålsprodukt.

Men skal det vere nynorsk, så ser han helst at det er skikkeleg. Det var han som såg til at Rarill Krise ikkje snakka tøysenynorsk i det førre Donald-bladet.

Målmannen tykkjer Donald Duck heilt sidan starten har vore prega av eit godt og gjennomarbeidd språk.


Etter at Rarill Krise dukka opp i Donald har målrørsla sett i gang ein Facebook-aksjon for meir nynorsk i bladet. © Disney

Lite målpengar
Espeland meiner nynorsk ikkje er Donald sitt språk og peiker mellom anna på at Serieforlaget si nynorske Donald-satsing ikkje vart ein kommersiell suksess.

– Eg er ikkje imponert over nynorskfolket i Noreg si vilje til å støtte nynorsken økonomisk. Målfolket krev mykje, men har ikkje vore så flinke til å opne lommeboka for språket, seier Espeland.

Men i Ørsta, heimbygda til Ivar Aasen og Arill Riise, går salet av Donald Duck & co med nynorskparodien Rarill Krise godt. 

 

LES OGSÅ: Stor Donald-etterspørsel.

Eit anna Donald-eventyr som fekk nordmenn til å opne lommebøkene var fjorårets julehefte «Donald – Helt på vidda», som fortel ei historie om konflikt mellom urfolk og gruvenæring i Finnmark.

Donald-redaktør Marius Molaug kan ikkje gå ut med salstal, men avslører at bladet var ein så stor kommersiell suksess at dei burde hatt større opplag.

Nederlandsk suksessmodell
I Finnmark vart bladet utselt allereie tidleg i desember. Dette har både Gard Espeland og Øyvind Holen merka seg.

– Det interessante i dag er korleis fjorårets julehefte med ei historie frå Finnmark og innslag av finnmarksdialekt vart rive vekk frå hyllene og selt for over tusen kroner på Finn. Dette er ein formel som har gjort storsuksess i Nederland i lang tid, så eg er overraska over at det ikkje har kome hit før. Kvar månad vitjar Donald ein plass i Nederland i ei historie. Eg trur me vil sjå fleire historier med visittar rundt om i Noreg og leik med språket, spår Holen, som ikkje trur Donald vil verte meir nynorsk.

Molaug i Donald-redaksjonen ser ikkje bort ifrå at Finnmarkssuksessen kan bana veg for fleire nære Donald-historier med dialektinnslag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE