Suksess for den første produksjonsskulen i Hordaland.

Redaksjonen
Redaksjonen

– Eg har aldri halde på med noko som er kulare. Me har det så gøy at det er kjipt å gå heim om ettermiddagen, seier Katarina Sundal Lien. Ho er ein av 11 ungdommar som går på den første produksjonsskulen i Hordaland.

Ny sjanse
I dag vart Hyssingen produksjonsskole opna i Møllendalsveien 63 B i Bergen, i lokala til ein tidlegare hyssingfabrikk.

– Det er fantastisk at produksjonsskulen er i gang. Her får ungdom ein ny sjanse til å læra og koma seg vidare i livet, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen til Hordaland.no etter at han opna skulen sist veke.

Motivert
Produksjonsskulen er eit tilbod til elevar som av ulike årsaker ikkje har funne seg til rette i den ordinære vidaregåande skulen. Den er ingen vanleg skule. Produksjon står sterkare enn skule. Elevane skal bli inspirert, læra praktiske ting og bli motivert til ordinær utdanning.

For mykje teori
– Eg har lyst til å gå vidare innan restaurant- og matfag. Det er behov for lærlingar, men det er for mykje teori og for lite praksis på den ordinære utdanninga. No har eg vore her i to veker og har til og med lært å steika kamskjell. Det er utruleg kult her, seier Katarina Sundal Lien til Hordaland.no.

Ganske skulelei
– Eg har fullført vg1, men var ganske skulelei. Det var altfor mykje teori og for lite praksis. Etter at eg snakka OT/PPT, fekk eg plass her, seier Anders Storøy som får opplæring i betongfaget ved produksjonsskulen.

– Me skal læra å laga betong frå botnen av. Etter kvart skal me og byggja ein skaterampe i betong til Osterøy vidaregåande skule. Det er stort behov for lærlingar i betongfaget, seier lærar Paal Christian Holgersen.


– Eg var ganske skulelei og fekk plass på produksjonsskulen, seier Anders Storøy som får opplæring i betongfaget av lærar Paal Christian Holgersen.

Praktisk
Baste Bruarøy er dagleg leiar av Hyssingen produksjonsskole.

– Dette er ein svært praktisk anlagt skule. Utgangspunktet er å laga ein god og trygg arbeidsplass og legge til rette for god produksjon som skal hjelpa unge menneske til å koma vidare. Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag med kollegane og ungdomane, seier Bruarøy til Hordaland.no.

Skal lukkast
Fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, seier Hordaland fylkeskommune starta arbeidet med å få til produksjonsskule for om lag to år sidan.

– Me ønskjer at ungdomen skal lukkast med utdanninga og livet sitt. Då er dette eit svært viktig tilbod. Eg er glad for at ungdomen har skjønt dette. Eg har tru på at vi skal få dette til. No er det berre å gå i gang, seier Heggheim.


Elevane ved Hyssingen produksjonsskole blir gratulert av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen som overrekkjer eit bilete i gåve.

Inntil 30 ungdomar
Produksjonsskolen skal dette året ta inn inntil 30 ungdomar som kan velje mellom tre tilbod: Restaurant- og matfag, kulturverkstad med musikk og filmproduksjon, og bygg og anlegg innan betongfag. Etter kvart blir andre tilbod planlagt. Produksjonsskulen har kontinuerleg inntak og utskriving. Målet er at elevane skal halde fram på ordinær vidaregåande skule eller få seg jobb.

Dansk modell
Modellen med produksjonsskole er dansk. Den norske modellen hentar mange av metodane frå den danske. Den første produksjonsskolen var skipa i 1978. I 1985 kom den med i den danske opplæringslova og vart ein del av det offentlege skuletilbodet. I dag har Danmark 82 produksjonsskular.
 

Ungdomane på produksjonsskolen får frukost kvar dag laga av Rene Alexander Amundsen Rosberg (f.v.), lærar Christer Sudmann Holgersen, Katarina Sundal Lien og Sonja Pernille Horpestad.

Auke gjennomføringa
Tilbod om plass i Hyssingen produksjonsskole skjer gjennom opplæringstenesta OT/PPT. Ungdom som sluttar i den vidaregåande skulen, kan i samarbeid med OT/PPT freiste å finne alternative tilbod som produksjonsskulen. Hyssingen produksjonsskole er eitt av tilboda Hordaland fylkeskommune har for å auke gjennomføringa av vidaregåande skule.


Etter å ha øvd i to veker framførte musikklærar Even Johansen (f.v.) og dei fem ungdomane på musikk og film, Mads Jamne gitar, Trond Erik Landro, trommer, Amadou Joburteh, bass, Banele Mgwaba, perkusjon og Magnus Ruud Hansen, perkusjon ein liten opningskonsert i studioet på produksjonsskulen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE