Stadig fleire får tilbod om digital eksamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire får tilbod om digital eksamen

Å sitje i seks timar på eksamen og skrive for hand er det få som vil. I år får fleire studentar enn nokon gong tilbod om digital eksamen.

– I 2014 tok 1.100 kandidatar ved campus Tromsø digital eksamen. I år ønskjer vi å auke dette talet kraftig, slik at 5.000 kandidatar på 100 emne kan ta eksamen digitalt. Denne våren vil også enkelte kandidatar på campus Alta få dette tilbodet, seier prosjektleiar for digital eksamen ved UiT, Karin Brennholm.

LES OGSÅ: Digital eksamen er ikkje lenger sci-fi

– Helst skulle vi ønskje å tilby alle studentar digital eksamen i alle emne frå og med dette semesteret, men eksamen på pc er ikkje det same som eksamen på papir, seier ho.

Digital eksamen krev ein del andre førebuingar. Den største utfordringa er at ein er avhengige av fysisk eigna lokale. Straumtilgangen må vere veldig god, for det skal vere ein stikkontakt for kvar pc. Studentane kan også trenge teknisk hjelp, og derfor må IT-personell vere tilgjengeleg.

LES OGSÅ: Frp-studentar mest villige til å jukse

TAMED-eksamen

I dag finst det få slike tilpassa eksamenslokale, men det vert jobba med å få fleire. I år går 25 eksamenar via ein av UiTs datalabar, men på sju eksamenar har studentar fått bruke sin egen pc, såkalla TAMED-eksamen.

– Det er denne gjennomføringsforma vi ønskjer å utvide framover. På TAMED-eksamen brukar studentane sin eigen pc, og då er ein ikkje avhengig av små pc-labar for å gjennomføre digital eksamen. På den måten kan tilbodet bli gitt til fleire. Éin pc-lab har berre kapasitet til å ta imot 20 studentar, men eit tilpassa lokale for digital eksamen kan ta imot 75, seier Julia Holte Sempler, seksjonssjef på Seksjon for studiekvalitet, på nettsida til UiT. (©NPK)

LES OGSÅ: Bruk pennen – lær meir!