– Ørsta må kome på offensiven og profilere seg som nynorskens hovudstad, gjerne saman med Volda.

Marius Myklebust, Møre-Nytt
Marius Myklebust, Møre-Nytt

Det meiner leiar Terje Kjøde i Sunnmøre Mållag. I Språkåret 2013 vart Ørsta kåra til årets nynorskkommune av regjeringa. No meiner Kjøde kommunen har kome på defensiven på området.

– Først vil eg ha sagt dette: I Språkåret representerte ordføraren Ørsta på ein framifrå måte i mange samanhengar. Eg vart møtt med genuin og konstruktiv interesse då eg vende meg til Ørsta kommune med spørsmål om korleis dei ville markere Språkåret. Det vart også gjennomført fleire gode nynorsktiltak i kommunen. Om lag seksti tilsette var på nynorskkurs, og språk var tema i kommunestyret.

LES OGSÅ: Førde vil bli nynorskbyen

Etterlyser oppfølging
Det siste året meiner han likevel kommunen har kvilt laurbæra når det gjeld språk.

– Det eg etterlyser no, er ei oppfølging av det gode arbeidet som vart sett i gang. For meg personleg er det ein kjepphest at Ørsta må marknadsføre seg sjølv som nynorskens hovustad, gjerne saman med Volda, seier Kjøde.

– Det er vel ein tittel det er konkurranse om? Førde kallar seg vel for for nynorskbyen.

– Ja, men det hindrar ikkje oss i å vere nynorskhovudstad.

Kjøde meiner fleire ting gjer at tittelen passar for Ørsta og Volda.

– Vi har institusjonar som Høgskulen i Volda,  Nynorsksenteret, Nynorsk kultursentrum. Nokre av landets fremste nynorskkjennarar er knytte til desse miljøa. Eg tenkjer til dømes på Ottar Grepstad og Terje Aarset (språkprofessor ved høgskulen).

– I tillegg har vi tradisjonen og historia som er knytt til nynorsken her i området. Det gjeld sjølvsagt først og fremst Ivar Aasen, men også namn som Anders Hovden, Andreas Haavoll, Hans Mo, Anders Steinnes, Anna Skeide, Marie Takvam, Arthur Klæbo og Sverre Barstad.

– Kommunen må bli flinkare til å profilere seg gjennom nynorsken, og vise at dei er stolte av språkhistoria. Det ser vi at dømes Thomas Ryste (Klypa) og Runar Gudnason (Side Brok) og Egil Olsen gjer. I næringslivet gjer til dømes Tussa og Vartdal Plast det same.

LES OGSÅ: Show i tunnelen – eit møte med Egil Olsen

Kommunereform
– Kva konkret meiner du Ørsta kommune bør bli betre på?

– Ei enkel oppgåve å byrje med, er å vere vaktbikkje for mållova. Når fylkesmannen sender skriv til Ørsta på bokmål, må kommunen reagere. I tillegg står vi framfor ei stor kommunereform. Her blir det ei særs viktig oppgåve for Ørsta å sjå til at nynorsken ikkje blir truga som følgje av kommunesamanslåingane. Det kan til dømes skje om samanslåing med Ålesund blir aktuelt.

Mållagsleiaren meiner også nynorsken må bli meir synleg i Ørsta.

– Vi bør visualisere språket og språkhistoria på rådhuset, kulturhuset, i barnehagar og på skular. I tillegg meiner eg vi må satse på gågata/Vikegata som ei gate for språk, kunst og kultur, og døype ho om til Ivar Aasen-gata (som ei lenging av dagens Ivar Aasen-gate).

Ordførar Rune Hovde i Ørsta seier til Møre-Nytt at han vil setje seg inn i argumentasjonen til Kjøde før han svarer på kritikken.

LES OGSÅ: Nytt rekordår for Framtida.no

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE