Glede og skuffelse – og håp for 2015

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nicholas Wilkinson, leiar for Sosialistisk Ungdom

– Kva har gledd deg mest i 2014?

– At folk har vist eit enormt engasjement for dei som treng det mest. Då H-FrP-regjeringa angreip rettane til vanlege arbeidsfolk og dei uføre for å gi pengane i massive skattekutt til dei rikaste sa folket nei. Støtta til dei borgarlege partia har stupt etter statsbudsjettet blei lagt fram. 2014 er året der folk bestemte seg for at det er vanlege folk som skal få meir, ikkje dei rikaste.

Kva har skuffa deg mest i 2014?

– Angrepa på arbeidsrettane våre. Utan fast jobb lever du i ei enorm usikkerheit der du ikkje kan planlegga livet, få bustadlån eller nyte fritida. Likevel foreslår regjeringa å gjera det lettare for bedrifter å tvinga folk over i midlertidige stillingar utan tryggleik. Trass i at regjeringas eigne ekspertar seier det ikkje vil gi nokon fleire arbeidsplassar. Eg hugsar sjølv korleis det var å vera ringevikar og aldri kunne si nei til jobb av frykt for ikkje å bli ringt neste gong. Eg er skuffa over at me i 2014 går tilbake i tid og gjer arbeidslivet meir utrygt.

– Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– At Sosialistisk Ungdom skal få 3000 medlemmar som vil vera med i kampen for trygge arbeidsplassar, psykisk helse og klima.

LES OGSÅ: Wilkinson sin fridom
 

Emil André Erstad, leiar for KrFU

Kva har gledd deg mest i 2014?

– At KrFU fekk gjennomslag for å auka talet på kvoteflyktningar i statsbudsjettet til 2000. Ein siger for solidaritet og nestekjærleik, men me kjempar vidare neste år.

Kva har skuffa deg mest i 2014?

– På eit heilt personleg plan var det nok at Brann rykka ned, men elles er eg skuffa over at mange norske parti ikkje ser lenger enn til svenskegrensa. 

– Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– Eg trur framleis på fred i verda, og ønsket mitt er at færre barn skal bli nøydde til å feira jul i ein flyktningleir i 2015.

LES OGSÅ: Her blir KrFU-leiaren deportert av KGB
 

Linn-Elise Øhn Mehlen, leiar for Raud Ungdom

– Kva har gledd deg mest i 2014?

– Det som gledd meg mest var at den breie folkelege motstanden mot reservasjonsretten vann fram. Det var flott å sjå at over 10.000 gjekk i 8. mars-tog for retten kvinner har til å bestemma over eigen kropp.

– Kva har skuffa deg mest i 2014?

– Den omvendte Robin Hood-politikken regjeringa har ført når det kjem til skattelette. Dei kuttar i uføretrygda samtidig som dei gir skattelette til dei aller rikaste i Noreg. Det er tvers igjennom usosialt.

– Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– Eg håper at 2015 blir året Noreg anerkjenner Palestina som ein eigen stat.

QUIZ: Kva hugsar du frå 2014?
 

Lage Nøst, Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom

– Kva har gledd deg mest i 2014?

– I 2014 har eg blant anna gledd meg over at eg og partifellen min Hallvard Surlien vann gratis leasing av ein elbil fordi me deltok i ein konkurranse på Zerokonferansen. Bilen skal me bruka til å reisa på utsleppsfri jazzturné i januar med frijazzduoen vår, heilt utan å sleppa ut klimagassar på reisa! Duoen, som heiter KlimaForLiket, framfører improvisert musikk med teatralsk tilsnitt (og innslag av sosiale medium) i kampen mot avmakt og klimahykleri.

– Kva har skuffa deg mest i 2014?

– Eg vart veldig skuffa då eg såg forslaget til regjeringa til statsbudsjett i oktober. I trontalen hadde Erna og kompani bakt inn retorikk som antyda at det ville bli nye takter i norsk olje- og klimapolitikk, men når det kom til stykket leverte dei blåblå eit budsjett som ikkje kuttar utslepp og som forlenger oljealderen.

– Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– For 2015 ønskjer eg meg at alle norske ungdomar mobiliserer mot vanstyret til dei vaksne, og strøymer til valurnene for å stemma inn framtidsbevisste, grøne representantar i kommunestyra rundt omkring – eller betre: at unge sjølv engasjerer seg i organisasjonar som kjempar for at jorda skal vera leveleg òg i år 2100. Mykje står på spel i 2015, blant anna i samband med klimatoppmøtet i Paris. Eg meiner alle bør ha engasjert seg i politikk i løpet av livet, og er det eitt tidspunkt dagens unge bør engasjera seg på, så er det NO!

LES OGSÅ: Vil ha debatt om grøn ideologi


Atle Simonsen, leiar for FpU

Kva har gledd deg mest i 2014?

– Statsbudsjettet. Frikortgrense auka til 50.000 kroner, rekordmange 2000 nye studentbustader, mindre helsekø, fleire sjukeheimsplassar, fleire politifolk i gatene, starten på store skatteletter for folk flest og ikkje minst eit vegbudsjett som byrjar å likna noko. 17 prosent større vegbudsjett gjør at forfallet er stoppa for første gong nokon sinne. I tillegg kjem rekordsatsing på jernbane.

Kva har skuffa deg mest i 2014?

– Eg er skuffa over forhandlingsklimaet blant samarbeidspartia. Her må alle partier skjerpa seg neste gong. Det er berre Arbeiderpartiet som tener på at me ikkje kan unna kvarandre nokre politiske sigrar.

Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– At FpU vinn skulevalet.

LES OGSÅ: – Klasse er ikkje lenger viktig


Mani Hussaini, leiar for AUF

Kva har gledd deg mest i 2014?

– At Arbeidarpartiet no har miljø og klima som ei av sine tre viktigaste saker.

Kva har skuffa deg mest i 2014?

– Høgre og Frps usosiale politikk og fråvere av ambisjonar på miljø og klima. Då me åtvara mot dette i valkampen 2013 blei me skulda for å driva med svartmaling, men no ser me at det blir verkelegheit.

Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– Eit fritt Palestina, ein ny, bindande, internasjonal avtale om klimautslepp, at arbeidsministeren avlyser sine forslag til rasering av arbeidsmiljølova og valsiger i alle landets kommunar. 

LES OGSÅ: AUF og Grøn Ungdom aukar mest


Tord Hustveit, leiar for Unge Venstre: 

Kva har gledd deg mest i 2014?

– Det har vore veldig gøy å vera med på å styra landet, og å sjå at avgjerslene våre faktisk har hatt påverknad. Me fekk eit budsjett som for første gong reduserer CO2-utsleppet, har ei rekordsatsing på jernbane, og som er eit veldig godt skulebudsjett som gir auka kunnskap.

Kva har skuffa deg mest i 2014?

– Det som skuffa meg mest er oppfølginga av asylavtalen frå regjeringa si side. Me fekk til ein del ting som var bra, og på ein del punkt måtte me ofra litt. Eg er skuffa over at regjeringa berre følgde opp dei delane av avtalen me ikkje er så nøgde med, og saka om asylbarna no i desember er eit godt døme på dette.

Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– Eg håpar me får eit budsjett til hausten med endå meir offensiv klimapolitikk, og eg håpar me kan få Oljefondet ut av dei mest forureinande selskapa. Og så håpar eg at Venstre gjer eit godt lokalval.

LES OGSÅ: – Den store taparen er neste generasjon

Kristian Tonning Riise,leiar for Unge Høgre: 

Kva har gledd deg mest i 2014?

– At me for første gong på åtte år har fått eit statsbudsjett som tar framtidsutfordringane på alvor, og ikkje overlét heile rekninga til neste generasjon.

Kva har skuffa deg mest i 2014?

– At Noreg har spelt altfor dårleg i EM-kvaliken.

Kva er det største ønsket ditt for 2015

– At sommarleiren til Unge Høgre blir den største og beste nokonsinne, og dannar grunnlaget for valsiger til Høgre i byar og bygder over heile landet.

LES OGSÅ: Protesten mot Jantelova

Erling Laugsand, leiar for Senterungdommen

Kva har gledd deg mest i 2014?

– Den store folkelege mobiliseringa på kvinnedagen der folk tydelig viste sin misnøye mot regjeringas forslag om reservasjonsrett og bondetoget i Oslo i samband med jordbruksoppgjeret. Desse markeringene var begge eksempel på at politikk betyr mykje for folk. Eg gler meg òg over medlemsvekst i året som har gått.

– Kva har skuffa deg mest i 2014?

Ein av sakene eg hugsar best at verkelig skuffa meg i året som gjekk var regjeringas si mottaking av Dalai Lama. Eg synest det var direkte skammeleg korleis den tidlegare fredsprisvinnaren blei behandla og kan ikkje hugsa å ha sett eit betre eksempel på at ein ofrar prinsipp for profitt. Eg er òg skuffa over at me fortsatt ikkje har fått nokon skikkeleg forpliktande global klimaavtale som vil redusera utsleppa så mykje som nødvendig.

Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– Eg håper at me skal få gjennomslag for ein miljø- og klimapolitikk som faktisk gir større utsleppskutt i Noreg enn det me har klart så langt. Distriktspolitikken er under kraftig angrep fra regjeringa så eg håper òg at me skal klara å få gjennomslag for nokre positive nye grep som vil gjera det lettere for folk å bu over hele landet.

LES OGSÅ: Dette stod høgast på ønskelista for 2014

Arnstein Vestre, leiar for Natur og ungdom

– Kva har gledd deg mest i 2014?

Det enorme engasjementet og motstanden me har sett mot å dumpa gruveavfall i norske fjordar. I Førdefjorden og Repparfjorden i Sogn og Fjordane og Finnmark er det planar om å dumpa millionar av tonn med giftig gruveavfall, og stadig fleire kjem til og skriv seg opp på liste mot å rasera naturen og bruka fjordane som avfallsplass.

– Kva har skuffa deg mest i 2014?

Det som har skuffa meg mest er den totale mangelen på handlekraft regjeringa har vist i klimapolitikken. I heile mi levetid har me kjent til dei enorme konsekvensane av klimaendringane og i heile mi levetid har me snakka om kva me skal gjera med det, men samtidig har norske utslepp fått veksa uhemma. No er me på kanten av stupet, og likevel leverer regjeringa berre stumpar av ein klimapolitikk, den burde vore altomslukande, 2014 har ikkje vore eit år for klimahandling.

– Kva er det største ønsket ditt for 2015?

Det største er kanskje at regjeringa bestemmer seg for å la fjord vera fjord, ikkje avfallsplass, og seier nei til dumping av gruveavfall i reine norske fjordar.

LES OGSÅ: – Kan forandra det politiske landskapet

Jørn Wichne Pedersen, leiar for Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond

Kva har gledd deg mest i 2014?

Då regjeringen offentleggjorde at dei vil ta ei leiarrolle for å fremja Lucens-retningslinjene internasjonalt. Desse vil kunne gi skular og universiteter sårt tiltrengt vern i konfliktsituasjonar. 

Kva har skuffa deg mest i 2014?

Eg blei skikkeleg skuffa då regjeringa valde å kutta i bistanden til Latin-Amerika. I ein region som i stadig større grad er prega av naturressurskonfliktar, og nye og gamle former for menneskerettsbrot, meiner eg at ein burde heldt på støtta som i all hovudsak har gått til menneskerettsarbeid, demokratitiltak og godt styresett. 

Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– Eg ønsker at me i 2015 får ein reell debatt om norsk utviklingspolitikk utover det som har med bistand å gjera.  For eksempel har Noreg gjennom Oljefondet investert meir enn 13 milliarder kroner i fire selskap som forårsaker grove brot på urfolks- og menneskerettar i Guatemala og Colombia. Mitt største ønske for 2015 er derfor ei betre, meir etisk forvaltning av fondet, og at dette kjem tydeleg fram når stortingsmeldinga på dette området blir lansert i mars!
 

Stian Seland, leiar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner

Kva har gledd deg mest i 2014?

– Det som har gledd meg mest i 2014 er at Regjeringa med kulturministeren i spissen har vist at dei veit kor viktig barne- og ungdomsfrivilligheita er, og at det er der ei satsing på frivillig sektor må byrja. Dette har dei mellom anna gjort gjennom å starta forenklingsarbeidet i støtteordningane for barne- og ungdomsorganisasjonane, og gjennom å bestemme at herrelaus arv no skal gå til tiltak for barne og unge. Dette er ein god start, og vi ser fram til å følgje opp korleis Regjeringa vil ta dette vidare.

Kva har skuffa deg mest i 2014?

– Det som har skuffa mest er at berre 20 kommunar for delta i forsøket med lågare røysterettsalder, til trass for at det var over 120 kommunar som søkte. Når det er sagt, så er eg veldig glad for at det blir eit forsøksval med røysterett for 16-åringane neste år, og eg ser fram til å få stadfesta dei positive funna frå forsøket i 2011.

Kva er det største ønsket ditt for 2015?

– At endå fleire blir med! Dei ti siste åra har det blitt fleire barne- og ungdomsorganisasjonar, fleire lokallag, fleire medlemer og fleire aktivitetar. Denne veksten har vi ei mogelegheit til å gjere endå større.

Les fleire saker om stemmerett her!