Protesten mot jantelova

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsmøtet til Unge Høgre denne helga skal dei vedta eit justispolitisk program og eitt program om høgare utdanning.

Den komande Unge Høgre-leiaren Kristian Tonning Riise har site i komiteen som har laga utkastet til det justispolitiske programmet, og er ekstra engasjert i personvern.

LES OGSÅ: Tonning Riise vert truleg ny Unge Høgre leiar

Blå i alt det raude

– Kva vil Unge Høgre merke av forskjell med deg som leiar?

– Eg er ikkje så oppteken av å samanlikne meg med andre, men eg vonar dei vil merke at eg er ein engasjert leiar, som er synleg i samfunnsdebatten, svarar Kristian Tonning Riise.

Det siste har han allereie fått til mellom anna gjennom sin liberale kritikk av norsk prostitusjonslovgjevnad og ei bok om Venezuelas tidlegare president Hugo Chávez.

Ungdomspolitikaren har travle dagar i forkant av landsmøtet der han er innstilt som ny leiar i Unge Høgre, men tek seg tid til ein telefonsamtale med Framtida.

– Kvifor er Unge Høgre viktige i norsk politikk?

– Unge Høgre er kanskje den tydelegaste stemma for enkeltmennesket sin fridom og ansvar, slår Tonning Riise fast.

– Kva var det som gjorde at du engasjerte deg?

– Eg kjem frå eit ganske rødt distrikt. Hedmark er kanskje landets raudaste fylke. Så eg meldte meg først inn som ein slags protest mot jantelova. Høgre snakka mykje om at det skal være lov å lukkast og at politikkens oppgåve er å løfte dei svake, ikkje å dra dei sterke ned. Det var ein retorikk som appellerte til meg.

LES OGSÅ: Tar ikkje attval som leiar i Unge Høgre

Ung ordførarkandidat
Etter protestinnmeldinga vaks engasjementet og han vart valt inn i kommunestyret i heimkommunen Stange i 2011. Den gongen var han attpåtil ordførarkandidat, trass sin unge alder. Han er i tillegg andre vara på Stortinget, har sitte i fylkestinget sidan 2007 og vart i år 1. nestleiar i Hedmark Høgre. 

På spørsmålet om kva han brenn for svarar Tonning Riise at:  «Det er mykje.» Han er oppteken av korleis å få eit velferdssamfunn som er berekraftig òg i framtida og at det skal løne seg å arbeide. Men størst av alt er engasjementet for personvernet. På det området er han ikkje heilt einig med moderpartiet.

– Personvernpolitikken til Høgre er altfor dårleg. Eg er bekymra for at me i eit samfunn der me lever stadig større del av liva våre på nett og mengda med informasjon er større enn nokosinne, missar retten til å ha fristader. Eg meiner Høgre gjekk for langt når dei gjekk inn for datalagringsdirektivet, som var ein debatt me tapte internt. No vart den saka redda av EU-domstolen, men det er skummelt når domstolane vert siste skanse i eit samfunn der politikarane testar kor mykje dei kan vatne ut personvernet. Eg meiner personvern bør vere i front når me utformer lover, seier 25-åringen.

I utdanningspolitikk er han meir einig med det største regjeringspartiet, som han meiner er på veg i riktig retning når dei fokuserer på etter og vidareutdanning av lærarane.

– Korleis vil de i Unge Høgre gjera den norske skulen enno betre?

– Me må fortsetja og satsa på kunnskap. I eit av verdas rikaste land bør me ha verdas beste skule. Då treng med ei beste lærarane. Me vil gje dei beste lærarane betre løn, ved å leggje til rette for meir individuelle lønnsforhandlingar. I tillegg trengs meir reell tilpassa undervisning, både for dei flinke elevane, men aller mest for dei som sit bakerst og heng etter, seier Tonning Riise, og legg til at det er trong for meir disiplin i den norske skulen.

Hasj og folkehøgskular
To store saker har gjeve Unge Høgre store medieoppslag og ein del negativ motbør den siste tida. Den eine handlar om hasj i Bergen og den andre om folkehøgskular.

For å ta det siste først. Fire fylkesleiarar frå Unge Høgre på Vestlandet uttala at dei ville kutte statsstøtta og studiepoenga som folkehøgskulane gjev, fordi det var "eit år med hekling". Saka skal behandlast på landsmøtet denne helga, og den nye leiaren kjem til å stemme imot forslaget. Han ynskjer debatten velkommen, men meiner at skulane har ein nytteverdi. Sjølv gjekk han på linja for musikk og teater på Romerike folkehøgskule.

– Det er kanskje litt klisjé, men eg lærte ein del om meg sjølv. Kven eg er, kven eg ikkje er og det var der eg fann ut at eg ville satse på politikk og heller ha musikken som hobby, fortel hedmarkingen.

Den andre saka handla om fleire medlemmer i Unge Høgre i Hordaland som vart teken for å ha røyka hasj. Bergen Unge Høgre vedtok i 2012 ein resolusjon om legalisering av cannabis, eit forslag som Høgre er imot.

– Eg har vore ærleg på at eg personleg har eit anna syn enn partiet mitt her. Personleg meiner eg at me bør gå for ei meir liberal linje der ein går inn for regulering framfor forbod. Eg skjønar likevel at det er eit område me er ueinige om, og tykkjer det vert feil å fronte ei sak som er i utakt med partiet. Eg meiner likevel at ein skal være ærleg på saker der ein har hatt tydelege standpunkt tidligare, og har liten sans for politikarar som later som dei har gjort heilomvending berre fordi dei får ei ny stilling eller eit nytt verv, avsluttar den komande ungdomspartileiaren.

Faktaboks

Kristian Tonning Riise

Alder: 25

Frå: Stange, Hedmark

Jobbar: Prosjektmedarbeidar i Civita (og tek nokre studiepoeng i idéhistorie)

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag, historie og musikk

Medlem i: Amnesty

Andre verv: Sit i Støttekomiteen for Vest-Sahara

Hobby: Song og gitar, litt trening