– Klasse er ikkje lenger like viktig

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil fjerne 1. mai som fridag

Klasseomgrepet fangar ikkje lenger opp skiljelinene i Noreg. Det meiner både Miljøpartiet Dei Grøne, Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom. Sosialistisk Ungdom meiner klasseskilnadane framleis er avgjerande.

Samfunnsbygging som vedkjem folk flest
Under landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne førre helg, uttala nyvald talsperson Hilde Opoku håp om at MDG skal bli ‘eit nytt arbeidarparti’. Kommentator i Aftenposten, Per Kristian Haugen, kalla utsegnet ‘gammaldags arbeidarretorikk’, og spurde om dette språket eigentleg var naturleg for eit parti som ‘gjerne vil vere mest framtidsretta av alle’.

– Kva meiner du med at MDG skal bli eit nytt arbeidarparti?

– På den eine sida handlar det om at vi vil ta vare på velferdsstaten, skape grøne jobbar, og medverke til kortare arbeidstid og til at vekst vert teke ut på andre måtar enn auka løn og forbruk. At eg brukte akkurat det språket hadde samanheng med at fagrørsla var til stades på landsmøtet. Det var eit svar til deira innlegg. Det er ingen tvil om at LO og fagrørsla har vore ein bremsekloss i miljøpolitikken, men når dei helser oss på landsmøtet og har parolar om grøne arbeidsplassar, sender dei signal om at dei er opne for dialog, seier Opoku.

LES OGSÅ: Dei Grøne vil ha klimaprosent

Nyvald talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne, Hilde Opoku, vil skape eit folkeleg parti. Foto: MDG 

På den andre sida sikta Opoku til at Miljøpartiet må skape politikk som vedkjem folk flest, forklarar ho.

– Eg kunne like gjerne ha sagt ‘det folkelege partiet’. Andre parti har bygd landet så langt, og no er det vår tur til å arbeide for økologisk balanse. Vi står for grøn reformasjon, og denne nye samfunnsbygginga må treffe folk. Blokksjølvstendet vårt gjer oss i stand til å ta dei neste stega. Vi kan samarbeide med både næringslivet og fagrørsla.

– Klasse er ikkje lenger så aktuelt
Den nyvalde talspersonen skal gå i tog i Trondheim 1. mai, der Miljøpartiet har lang tradisjon for å delta.

– 1. mai er også vår dag. Viktige saker for meg på 1. mai er ein meir fleksibel velferdsstat, redusert arbeidstid, og at verdiauke skal kunne skje på anna vis enn løns- og forbruksauke, seier Opoku.

Ho meiner likevel ikkje at arbeidarretorikk har same vekt som den ein gong hadde.

– Vi skal ikkje kimse av skilnadene i det norske samfunnet, men desse følgjer ikkje nødvendigvis arbeidsplass eller inntekt, seier ho.

LES OGSÅ: Må ha stå-på-vilje

Talspersonen meiner skiljelinene er meir komplekse enn klasseomgrepet kan fange.

– Til dømes er tilgang til informasjon og teknologi eit viktig samfunnskilje, i samspel med sosioøkonomiske faktorar. Somme har god tilgang og kan oppdatere seg fleire gongar i timen på ulike medium, medan andre i mindre grad er del av samfunnsdebatten. Poenget er at sosiale skiljeliner er mykje meir kompliserte og går langs andre linjer enn klasse.

Egalitært samfunn
Også leiar i Unge Høgre, Paul Joakim Sandøy, meiner klasse er eit utdatert omgrep.

– Vi har lenge hatt eit egalitært samfunn i Noreg. Dette gjeld ikkje berre inntekt, men også at vi er like kulturelt sett. Vi gjer mykje av det same, ser dei same tv-programma, høyrer på dei same radiokanalane og ser dei same fotballkampane. Skiljet går heller mellom dei som er innanfor og dei som er utanfor arbeidslivet, meiner Sandøy.

LES OGSÅ: – Kjempevanskeleg å få jobb

Leiar i Unge Høgre, Paul Joakim Sandøy, meiner klasse er eit utdatert omgrep. Foto: UH

Nyleg lanserte Aksel Braanen Sterri boka Tilbake til politikken. Hvordan Arbeiderpartiet (Ap) igjen skal bli folkets parti. Her tek Sterri eit kraftig oppgjer med det han meiner er eit visjonslaust Arbeidarparti som har mista kontakt med folket. Sandøy meiner vi er inne i ei ny tid, der arbeidarretorikk ikkje lenger er relevant.

– Den sjølvgranskinga dei sosialdemokratiske partia driv med no syner at vi er inne i ei ny tid. Desse partia vart starta i ei tid då det fanst ei stor mengd industriarbeidarar. I dag er den store massen av desse arbeidarane vekke i Noreg, sjølv om det openbart er relevant å snakke om klassar i mange lågkostland, meiner Sandøy.

Vil avskaffe 1. mai som fridag
Leiar i Framstegpartiets Ungdom, Atle Simonsen, meiner skilnadene i Noreg er for små til at ein kan snakke om ulike klassar.

– Klasse er eit omgrep som har lite for seg i eit land med så små skilnader som Noreg. Noko av det fine i Noreg er nettopp at alle har moglegheita til å lukkast. Den amerikanske draumen er på mange måtar meir oppnåeleg i Noreg enn i USA, seier FpU-leiaren.

I den nye boka Kapital i 21. århundre syner den franske økonomen Thomas Piketty at ulikskapen i den vestlege verda aukar kraftig. Økonomen spår at vi er på veg til ei økonomisk fordeling som minner om den vi hadde på slutten av 1800-talet, skriv leiar i tankesmia Agenda, Marte Gerhardsen i ein kronikk på Aftenposten.no. Gerhardsen argumenterer for at skilnadene vil bli større og sosial ulikskap meir fastlåst, også i Noreg. FpU-leiaren er ikkje uroa for spådommane.

– I FpU er vi opptekne av at det skal vere lov til å bli rik. Hugs også at dei rike skapar og har ansvar for ti-tusenvis av arbeidsplassar. Samstundes er vi for eit skattesystem som ikkje reproduserer ulikskap, der alle betalar ein lik prosent.

LES OGSÅ: Viktig steg mot arbeidslivet

Simonsen føreslår å avskaffe 1. mai som offentleg fridag. I staden vil FpU-leiaren la folket ta fri 8. mai.

– Sosialistane og pampane har øydelagt 1. mai. Dei brukar dagen til å fremje og feire sosialistisk politikk, med parolar som handlar om asylbarn, atomvåpen, Israel-Palestina-konflikta og nynorsk. Arbeidarane sin dag har utspelt si rolle. Norske arbeidstakarar har allereie verdas beste arbeidsvilkår, seier han.

FpU-leiaren meiner dette fører til at mange kjenner lite tilhøyrsle til 1. mai.

– Vi har forsøkt å setje fokus på arbeidarrettar på 1. mai, som lågare skatt for dei med låg eller middels inntekt, eller at ein skal få bestemme over eiga arbeidstid, men vi har fleire gongar blitt avvist fordi våre parolar ikkje er i tråd med sosialistisk politikk.

Simonsen meiner 8. mai er ein meir naturleg og samlande fridag.

– Frigjeringsdagen er ein dag alle kan slutte opp om, seier han.

Får støtte frå Unge Høgre
Sandøy i Unge Høgre er til dels einig med Simonsen.

– Unge Høgre har lenge meint at 1. mai ikkje treng å vere ein fridag, men personleg var eg meir imot dagen før. Eg tykkjer framleis det er tåpeleg når dagen vert brukt til å markere motstand mot atomvåpen eller tilsvarande saker som ikkje har noko med arbeidarrettar å gjere. Samstundes er dagen viktig for mange som ikkje stiller seg bak desse parolane eller går i tog, folk som også stemmer på Frp eller Høgre.

Sandøy trur ‘radikale parolar’ støyter frå seg folk, heller enn å samle stønad og gi gjennomslag.

– 8. mai kunne ha vore ein god erstattar. Det er både frigjeringsdagen, veterandagen og bursdagen min, så fri på 8. mai hadde vore heilt fantastisk, ler han.

– Slett ikkje utdatert
Leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Christiansen Halse, vil korkje gå med på at 1. mai eller klasseomgrepet har utspelt si rolle.

– Det er framleis slik at det har noko å seie kvar du kjem frå, kva utdanning foreldra dine har, og kor velståande dei er. Born frå heimar med mange bokhyller og foreldre med mykje pengar gjer det betre enn andre. Og er ein født søkkrik skal det godt gjerast å døy fattig. Også elles i Europa ser vi at fordelinga vert dårlegare mellom eigarar og arbeidarar. Klasseskilnadene finst framleis, seier han.

Halse avviser forslaget om å avskaffe fridagen 1. mai.

Leiar i Sosialistisk Ungdom Andreas Halse meiner det framleis finnast klasseskiljer. Foto: SU

– Dette er ein dag med lang historie, som er viktig for menneske som har arbeidd hardt. Sjølv om FpU er ueinige i krava om eit høveleg arbeidsliv og like moglegheiter for alle, bør dei anerkjenne at dagen er viktig for mange. Dersom dei vil endre parolane kan dei sende forslaga sine til demokratisk handsaming, i staden for å sutre i frå sidelina slik dei gjer kvart år. Det verkar meir som eit desperat forsøk på å få trynet sitt på trykk enn noko med faktisk substans, seier SU-leiaren.

LES OGSÅ: Vil ha attføring på anbod