Ingen får i seg skadelege mengder av miljøgifter av å ete mykje feit fisk, konkluderer Vitskapskomiteen for mattryggheit i ein ny rapport.

mm

Du kan trygt ete over éin kilo oppdrettslaks i veka utan at du risikerer å få i deg skadelege mengder av miljøgifter. 

Anbefalinga frå Helsedirektoratet er difor at ein et fisk til middag to til tre gongar i veka. Gjerne i tillegg til fiskepålegg.

LES OGSÅ: Kina skeptiske til filetert norsk laks

Ikkje eigne reglar for gravide
Sommaren 2013 skapte nyheitene om at kvinner og barn burde halde seg borte frå oppdrettslaks store overskrifter. Fleire legar og forskarar meinte fisken kunne vere skadeleg for barns utvikling på grunn av dei såkalla persistente organiske miljøgiftene (POP-ar), som kjem frå fiskefôret.

Men helsefordelane ved å ete fisk er større enn dei ubetydelege risikoane som dagens nivå av miljøgifter i fisk representerer, er konklusjonen i rapporten som Vitskapskomiteen for mattryggheit (VKM) har gjort på oppdrag frå Mattilsynet i samarbeid med Helsedirektoratet.

– Rapporten syner at det ikkje er grunnlag for å anbefala eigne varsomheitsreglar for gravide eller kvinner i fruktbar alder. Den syner tvert om kor viktig det er at denne gruppa et fisk, fordi det er godt dokumentert at mors inntak av fisk bidreg positivt til utvikling av nervesystemet hjå foster og spedbarn som vert amma, seier Knut-Inge Klepp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, på nettsidene til Matportalen.

Rådet er difor at gravide bør ete meir fisk enn dei gjer i dag.

LES OGSÅ: Difor krympar fisken

Fiskemiddag – ikkje tablettar
– Me veit frå før at fisk og fiskeolje beskyttar mot utvikling av hjarte- og karsjukdommar, og kan redusere risikoen for å døy av hjartesjukdom. Fisk er dessutan ei god kjelde for næringsstoff som vitamin D, selen og jod, seier Klepp.

Fiskemiddagen er altså framleis sunn, og kan ikkje erstattast av tablettar. Kosttilskot med fiskeolje gjev nemleg ikkje dei same helsegevinstane som det å ete fisk, ifølgje rapporten frå VKM.

Sjølv om meir vegetabilsk fiskefôr gjer at oppdrettsfisken inneheld mindre omega-3 fettsyrer enn før, er fisk framleis den viktigaste kjelda til dei gode fettsyrene.

LES OGSÅ: Omega-3 fjernar ADHD-symptom

Mindre miljøgifter i oppdrettsfisk
Førre gong ein liknande gjennomgang vart publisert av VKM, fann dei at miljøgiftene kvikksølv, dioksin og dioksinliknande PCB i fisk var det som utgjorde den største risikoen for fiskeetarar. 

I den nye gjennomgangen fann forskarane ingenting som tyda på at nivåa av miljøgifter i villfisk har endra seg vesentleg sidan 2006.

Derimot inneheld oppdrettslaksen no 70 prosent mindre PCB og dioksinar. For kvikksølv er nivået i oppdrettslaks halvert.

Feit oppdrettsfisk inneheld mindre miljøgifter enn feit villfisk. Årsaken til nedgangen i miljøgifter er at stadig meir av fiskefôret kjem frå plantar.

Heller ikkje restar av medisinar som antibiotika og lakselusmidlar i oppdrettsfisk meiner VKM utgjer nokon helserisiko.

– Bruken av medisinar i oppdrettsnæringa er relativt liten samanlikna med mengde produsert fisk. Sjølv med veldig følsame metodar finn me berre enkelttilfelle med lave nivå, fortel Harald Gjein, direktør i Mattilsynet på nettsidene til Matportalen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE