Å halda dei friske friske vinn fram som prioritering i helsestellet. Det tyder mindre pengar til behandling av dei som faktisk er sjuke.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast kommentator i Dag og Tid.
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast kommentator i Dag og Tid.

Kommentaren vart først publisert i Dag og Tid

Eit viktig ord er i ferd med å gå ut av bruk i offentleg helse­teneste. Det er ordet sjuk, med alle sine avleiingar. Før hadde vi sjukehus og sinnssjukehus, no har vi nesten berre helse og omsorg. Sinnsliding er erstatta med svekt psykisk helse, og ein har lagt mykje arbeid i å døypa omsorga for sinnslidingar til psykisk helsevern.

LES OGSÅ: 40.000 unge utan jobb, studiar eller støtte

Sjukdomsomgrepet
Kvifor vil dei som skal ta seg av dei sjuke, på kropp og sjel, ikkje ta ordet sjukdom i sin munn? Det kan vera fleire grunnar til det, somme av dei gode. Éin grunn er at sjukdom, særleg psykisk sjukdom, kan bli ein merkelapp ein klistrar på nokre få, som dermed blir ulike alle andre, og dermed utstøytte. Seier vi psykisk helse, er det noko alle har, meir eller mindre god.
Andre grunnar er mindre gode. For parallelt med at sjukdomsordet blir jaga ut av omsorgs- og helsekorridorane (altså ikkje sjukehuskorridorane), så går det føre seg ei stor overflytting av pengar frå dei sjuke til dei friske. Det blir i dag investert sterkt i massive undersøkingar av friske menneske, for å passa på at dei ikkje blir sjuke.
Heile folkegrupper blir kalla inn og skanna og screena, som det heiter, for at ein skal finna den eine som kanskje er sjuk og som dermed kan få hjelp for sjukdomen sin. Det same gjeld medikamentbruken. Dersom ein reknar i hop all medisin som blir brukt i fedrelandet, så går nok langt meir til dei friske enn til dei sjuke. Ein held mogelege diagnosar i sjakk ved å ta førebyggjande medisin.

LES OGSÅ: Nav-brukarar kan bli fråtekne støtte
Står seg ikkje
I offentlege dokument blir denne tankegangen grunngjeven med økonomiske argument. Det klåraste dømet finst i samhandlings­reforma, der ein peikar på dei store økonomiske utfordringane som ventar, etter kvart som dei store generasjonane nærmar seg alderdomen. Eit verkemiddel for å halda kostnadene til helsestellet nede er å bruka mykje på førebygging og folkehelsearbeid, slik at folk ikkje blir sjuke. Det høyrest logisk ut, men det står seg neppe som økonomisk argument.
Om vellukka folkehelsearbeid fører til at folk held seg friske og lever lenge, så er det eit stort gode i seg sjølv. Men det sparer ikkje pengar, for då vil folk leva lenger på pensjon, og blir dei gamle, vil dei ofte få fleire sjukdomar og plager og blir dyre. Likevel har førebyggjande helsearbeid fått gjennomslag nettopp som økonomisk argument.

LES OGSÅ: Sjukestipend for studentar blir utvida

Hypokondrien
I den nye NOU-en frå prioriteringsutvalet skriv ein også om helse heller enn sjukdom. Ein skal diskutera «helsetap» når ein prioriterer mellom ulike tiltak. Dei som kan lida størst helse­tap, skal prioriterast, altså dei som er friskast. Resonnementet i meldinga skal ikkje forenklast, og det er opplagt verdt å tenkja gjennom kor mykje behandling ein skal gje til dei som er inne i siste livsfase – når ein skal slutta med store inngrep og heller satsa på lindring.
Det er likevel tankevekkjande at helseomgrepet skubbar ut sjukdomsomgrepet også her. Internasjonalt har det dukka opp ei rørsle som kallar seg «Too much medicine», for mykje medisin. Det er tunge aktørar i akademia. Dei hevdar mellom anna at å konsentrere seg om at dei friske kanskje er sjuke, skaper sjukdom og skade. I staden for å kvitta seg med hypokondrien til dei innbilt sjuke verkar helsestellet som ein angstskapar, som fortel at folk er innbilt friske. Du skal leita etter symptom, og kjenner du det ingen stad, er det opplagt eit dårleg teikn.
Men desse medisinane er ikkje berre bekymra for angsten. Dei er bekymra for overdiagnostisering og feiloperering. Dei hevdar at undersøkingar av store folkegrupper for visse kreftformer ikkje har fått ned talet på døde av desse diagnosane. Talet på dei som døyr av dei farlege sjukdomane, er nokså nøyaktig det same, med eller utan store undersøkingar av friske grupper.

LES OGSÅ: Ei mors kamp

Sjukdom som utgift
Dersom dette er rett, og det er det sjølvsagt diskusjon om, høyrer det til i det offentlege ordskiftet, ikkje berre mellom medisinske statistikarar. For dette handlar om offentlege pengar. I veka som gjekk, har vi fått urovekkjande rapportar om dårlege tilstandar på norske sjukeheimar. Det finst utan tvil mange gode sjukeheimar. Men når det også finst dårlege, kjem det alltid, i ein eller annan forstand, av for små ressursar, for få folk.
Samhandlingsreforma har ført til at kommunane må leggja inn mange nyopererte pasientar på sjukeheimane, som er under press. Det samla biletet er at ein vil bruka mindre ressursar på dei sjuke, difor skal dei fortare ut av sjukehusa. Så vil ein konsentrera seg om å halda dei friske friske og flyttar midlane dit.
Det er på tide å diskutera dette ope og offentleg. Det kan liggja ei fortrenging av livets realitetar i det. Og det kan utvikla ei forakt for dei som ikkje lenger er friske og som påfører samfunnet utgifter. Ein slik tankegang bryt med kjernen i diakoni og antikk legeetikk, som handlar om å bli hos den sjuke og lidande og lindra og hjelpa. Men andletet til den sjuke vender ein seg frå og konsentrerer seg om dei friske og fyrige. Gje oss sjukdomsordet tilbake.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast kommentator i Dag og Tid.

LES OGSÅ: Tidleg pubertet aukar depresjonsfaren

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE