Tidleg pubertet aukar depresjonsfaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Deprimert av tidleg pubertet

Ein amerikansk studie viser at tidleg kjønnsmodning kan utløyse fleire psykologiske og sosiale problem, skriv Forskning.no.

Studien frå Universitetet i Illinois er ein av dei første som stadfestar at tidleg pubertet aukar risikoen for depresjon over tid hos begge kjønn. Tidlegare har det vore kjent at tidleg pubertet kan bidra til at jenter blir deprimerte.

LES OGSÅ: Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar

Ungdom som kom i puberteten tidlegare enn jamaldringane, var oftare utsett for problem som var knytt til risiko for depresjon. Dei hadde dårlegare sjølvbilete, meir angst, fleire sosiale problem og hamna oftare i konflikt med familiemedlemmer og medelevar.

Studien viste også at depresjonssymptoma til gutane dukka opp lenger ut i ungdomsåra enn hos jentene. (©NPK)

LES OGSÅ: Stilling: Profesjonell kosar