Ekspertar vil ha realfag inn i barnehagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Realfag i barnehagen

I 2015 skal regjeringa leggja fram ein ny realfagsstrategi. Ekspertgruppa for realfaga har no levert ein rapport med innspel til strategien. Der føreslår dei at arbeidet med realfag bør starta allereie i barnehagen, fordi også små born er nyfikne og har stor lærelyst. Norske born er dessutan svake når det gjeld tal og teljing, og dette er det viktig at dei lærer seg godt om dei seinare skal verta flinke i matematikk.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil sjå nærare på forslaget.

– Eg merkar meg at ekspertgruppa vil innføra matematikk og naturfag som eigne fagområde i barnehagen. Me veit at leik med tal og bokstavar i barnehagen gjev betre lese-, skrive- og talforståing når borna byrjar på skulen. Matematikk i barnehagen handlar ikkje om pugging av tal og reknestykke. Det handlar om leik og utforsking, kommenterer han. (©NPK)

LES OGSÅ: Noko skurrar i Osloskulen