Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Kjartan Helleve, Norsk Tidend

Saka vart først publisert hos Norsk Tidend.

Det byrja med nokre frustrerande møte som tillitsvald lærar. I møta verka det ikkje som om Malkenes og skuleleiinga snakka om det same problemet. Det verka ikkje som om han og skuleleiinga ein gong snakka med det same språket.

– Bestilling, leveranse og resultat. Dette er ikkje ord som bør høyra heime i skulekvardagen. Det høyrer heime i ein i pizzarestaurant. Men det er vanskeleg å koma seg rundt. Då eg problematiserte bruken av slike omgrep i møta med skuleleiinga, så verka dei ikkje som om dei skjøna kva eg snakka om. Etterkvart skjøna eg at dette ikkje var eit problem som berre gjaldt skulen vår. Eg forstod at dette var eit problem i heile Osloskulen.

LES OGSÅ: Styreleiar i Norsk Ordbok går i protest

Fokus på nytteverdi
Det Malkenes snakkar om, er ein instrumentalisert skule. Ein skulekvardag der den viktigaste oppgåva er å satsa på dei faga som har ein tenkt nytteverdi, og bruka mindre tid på det som ikkje er fullt så nyttig. Ein skulekvardag der elevar, lærarar, rektorar og sjølve skulen skal vurderast og rangerast. Ein skulekvardag der elevar sjølve skal kunna velja kva skule dei skal gå på. Vel og bra, men Malkenes meiner at denne utviklinga har ei bakside.

– Det står mykje flott om ”det heile mennesket” i læreplanane. Problemet kjem når det skal omsetjast til praksis. Det blir ein motsetnad. På den eine sida skal eleven målast og ein skal nå resultat. På den andre sida skal eleven bli eit kritisk tenkjande og sjølvstendig menneske. I grunnen skulle det ha vore plass til båe delar. Men no er det eit slikt veldig press på den resultatstyrte delen, at det ikkje er tid til å driva på med ”heile mennesket” lenger. Det er ikkje tid eller rom.

– Korleis kjem dette til uttrykk?

– Du ser ikkje symptoma fyrst og fremst hjå elevane, men hjå lærarane. Éin av tre lærarar har forlate yrket sitt sidan 2006. Halvparten av dei nyutdanna lærarane sluttar etter seks månader i arbeid. Dette seier noko om arbeidsvilkåra for dei som ynskjer å driva med heile mennesket. For det er dei som sluttar. Men dette er også typisk, at mange no snakkar om at det er læraren som er problemet, utan ein samstundes er villig til å diskutera korleis skulen er organisert. Målstyring i skulen er udiskutabelt.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Går ut over elevane
– Kva med elevane?

– Noko som går att, er spørsmålet om kva nytteverdi eit fag eller eit emne har. Det er eit problem at elevar som ikkje er myndige, skal vera kundar som går rundt i skulen og vurderer kor vidt dei skal kjøpa noko, om dei skal ta eit fag, alt ut i frå ei tenkt framtid. Eleven blir som ein kunde som vel vekk sider av produktet, altså skulen, som dei ikkje vil ha. Dette kjem av at eleven har lært at alt skal gagna han. Det skal vera nyttig.

– Men er det ikkje bra med auka læringstrykk?

– Der ser du, no brukar du også slike ord. Det høyrest jo ut som ein bra ting, ein er trass alt på skulen for å læra noko. Og det er bra å gje elevane utfordringar. Problemet er at det kan slå attende på haldningane til skulen. Det er ikkje slik at dette kjem av at elevane har ein evig tørst etter kunnskap. Det blir vel så mykje eit press om å gjera det bra, og skulen tener på at elevane gjer det bra. Då kan skulen finna på at det bra om fjerde klasse får litt ekstra utfordrande engelskundervisning, for då kan det vera at dei gjer det bra på dei nasjonale prøvane i femte klasse. Samstundes har halve klassa mist interessa for faget, av di dei tykkjer det er vanskeleg og slitsamt. 

LES OGSÅ: – Me er verdt den ekstra kostnaden

Liten plass til sidemål
–Dette med at elevane ikkje tykkjer noko er nyttig, kjenner ein att frå lesarinnlegg om sidemålsundervisning.     

– Om ein snevrar inn skulen til noko som handlar om økonomi og jobb i framtida, så fell mykje ut av skulen. Det er ikkje relevant. Då kjem ein til spørsmål om sidemålet sin plass i skulen. Det handlar om status. No er det dei grunnleggjande dugleikane som veg tyngst. Dette er det OECD og PISA-undersøkingane meiner er dei avgjerande faga for framtida. Det skal vera lesing, skriving og rekning, noko elevane får bruk for som framtidige arbeidstakarar. Dette er i ferd med å bli skulen sitt oppdrag. I eit slik perspektiv er sidemålsopplæring heilt uinteressant. Alt som har med kulturarv og tradisjonar, og vidareføring av desse, er heilt uinteressant. Eg er sjølv norsklektor, og det er ikkje mykje tid til emne som ikkje er spesifikt eksamensretta, emne som ikkje kan bli målte.

– Er du pessimist med tanke på framtida?

– Det er eg ikkje. Det er eit engasjement mellom lærarane, streiken i sommar var eit teikn på det. Det finst altså motkrefter til denne utviklinga, men dei er vanskelege å få auge på i det offentlege ordskiftet på nasjonalt nivå. Det er vanskeleg å få leiande politikarar til å snakka om dette. Skulebyråden i Oslo meinte at dette berre var desperasjon og frustrasjon, og Kunnskapsministeren gleid berre unna då han fekk spørsmål om dette i Stortinget.

– Du gjer i det minste eit forsøk med denne boka?

– Ein viktig ting er å kunna identifisera det ein er opp i mot, og syna at det er eit alternativ. Men osloskulen er fyrtårnet som Høgre heile tida peikar på. Om ein ynskjer å sjå korleis skulane også i resten av landet kjem til å bli organiserte i framtida, sjå til Oslo Og vil ein sjå lenger inn i framtida, kan ein sjå til Sverige. Dei gjorde det same ti år tidlegare. No er den svenske skulen i kaos.

– Har du noko positivt å seia om den pågåande skulereforma i det heile?

– Ja. Det er bra at er det er ei interesse for skulen. Det er bra at det blir stilt spørsmål. Det er berre svara me er usamde om.

LES OGSÅ: Aschehoug sendte berre ut tentamen på bokmål – no snur dei

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE