I går vart det kjend at Gloppen ungdomsskule i Nordfjord, som nyttar skulebøker på nynorsk frå Aschehoug forlag, berre fekk heildagsprøvar tilsendt på bokmål.

Sjølv om det ikkje var brot på Opplæringslova vekte det reaksjonar, og no har forlaget snudd i saka. 

LES OGSÅ: – Aschehoug sviktar nynorskelevane

Meint som forslag
I ein e-post skriv seniorredaktør for realfag i Aschehoug, Dag-Erik Møller, at forlaget tek opp att den gamle praksisen. Han understrekar at oppgåvene som kom med skulebøkene berre var meint som forslag frå forlaget si side, som skulane kunne tilpassa sjølv.

– Når me no erfarar at prøvane blir vurdert som så godt tilrettelagd og i hovudsak blir brukt som dei er, vil me gå tilbake til tidlegare praksis og tilby dei på begge målformer, skriv Møller.

LES OGSÅ: Aschehoug droppar tentamen på nynorsk

Gleda Målungdommen
– Dette er veldig positivt, seier leiar i Målungdommen, Karl Peder Mork.

– Dei har vore på rett side av lova, men det er godt å sjå at når prøvane blir brukt som dei er så bestemmer forlaget seg for å senda dei ut på både bokmål og nynorsk. Det er offensiv språkpolitikk som vil gi dei eit konkurransefortrinn, seier Mork.

Målungdommen var ein av dei som reagerte på at Aschehoug berre sendte ut bokmålsversjonar av prøvane i går. Dei kalla det eit hol i opplæringslova.

– Opplæringslova seier at elevar har rett til læremiddel på språket sitt. At dette ikkje òg skal gjelde for prøvetekstar er mildt sagt spesielt. Korleis kan Aschehoug forsvare at elevane skal lære stoffet og omgrep på eit språk, for så å bli møtt med andre omgrep på dagen dei har heildagsprøve i faget? spurde nestleiaren i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng.

QUIZ: Forstår du bokmål?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE