Aschehoug droppar tentamen på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Droppar nynorsk-tentamen

Gloppen ungdomsskule i Nordfjord har lærebøker i matematikk frå Aschehoug forlag på alle trinn. Bøkene er på nynorsk, men når elevane skal ha mattetentamen, får elevane oppgåvetekstane på bokmål. Forlaget skuldar på at det kostar for mykje å omsette tentamensoppgåvene til nynorsk, skriv Firda Tidend.

LES OGSÅ: Styreleiar for Norsk Ordbok går i protest

Berre eit par dagar før den første heildagsprøva kom nemleg meldinga frå Aschehoug forlag om at det frå no av berre ville sende ut bokmålsoppgåver.

– Vi har fått tilbakemelding om at vi må omsetje tekstane sjølve om vi vil ha dei på nynorsk. Det hadde vore artig å sjå korleis bokmålsskulane hadde reagert om dei fekk tekstane på nynorsk og måtte omsetje dei til bokmål, seier rektor Ragnhild Bruvoll til avisa.

LES OGSÅ:–Me er verd den ekstra kostnaden

Kostnadsspørsmål
Forklaringa ho har fått frå forlaget på kvifor prøvetekstane ikkje kjem på nynorsk, er at det er eit kostnadsspørsmål. Sjølv om forlaget ikkje er pliktige til å gi ut verken læreverk eller tilleggstenester som tentamensoppgåver på nynorsk, trur rektoren Aschehoug vil tape på nedprioriteringa av nynorskelevar.

– Neste gong vi skal vurdere eit nytt læreverk kjem ikkje Aschehoug langt opp på lista utan eit komplett tilbod på nynorsk. Dette gjev dei eit dårleg omdømme, seier Bruvoll til Firda Tidend.

Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø seier til avisa at ho kjem til å kontakte forlaget dersom dei ikkje endrar praksisen.

LES OGSÅ: Meir sexy av nynorsk