Styreleiar for Norsk Ordbok går i protest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Styreleiaren går i protest

Han grunngjev avgangen sin med ønsket til Institutt for lingvistiske og nordiske studium om å ta over den reelle styringa av prosjektet, skriv universitetsavisa Uniform.

Slik det har vore fram til no, har styret for Norsk Ordbok søkt Kulturdepartementet om pengar til prosjektet og fått tilskotsbrev direkte. Etter signala frå instituttet om sterkare styring opplevde Rindal at styret ikkje lenger kunne stå faglege og økonomisk ansvarleg for Norsk Ordbok slik vedtektene kravde, fortel avisa.

LES OGSÅ: Skisse til løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

I avskilsbrevet sitt melder han også frå om at det truleg ikkje lèt seg gjera å få ferdig manuset til tolvte bandet av Norsk Ordbok 1014 innan fristen 28. februar neste år. Grunnen er at mange av medarbeidarane har slutta eller kjem til å gjera det innan årsskiftet.

Over 20 av dei tilsette i prosjektet fekk tidlegare i år varsel frå Universitetet i Oslo om at dei ville mista jobben frå nyttår. På statsbudsjettet for 2015 blei det sikra pengar til å fullføra det tolvte bandet, men no fortel altså den avgåtte styreleiaren at det truleg er uråd å få manuset ferdig i tide. (©NPK)

LES OGSÅ: Ingen vil ha Norsk Ordbok