Vidaregåande skular kan bli kommunale

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Store kommunar kan få vgs

Det går fram av sluttrapporten frå ekspertutvalet for kommunesektoren som kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner (H) fekk overlevert måndag.

Rapporten gir ingen definitive svar på kva for nye oppgåver kommunane bør ha. Ei tilråding om dette vil kome i ei eiga stortingsmelding våren 2015.

– Vi skal gå gjennom rapporten og vurdere nøye kva for oppgåver som kan overførast til nye og samanslåtte kommunar. Så blir det opp til stortingsfleirtalet å avgjere kva som blir det endelege utfallet, seier Jan Tore Sanner.

LES OGSÅ: Vil halde på bygda ved kommunesamanslåing

Ti oppgåver
Ti ulike oppgåver som bør overførast frå stat og fylke til kommunane, blir diskutert i sluttrapporten. Utvalet held fast på at framtidas kommunar bør ha 15.000-20.00 innbyggjarar. Kommunar i denne storleiken bør kunne overta desse oppgåvene:

Habiliterings- og rehabiliteringstenestene, statlege oppgåver knytt til fosterheim og barnevernsinstitusjonar, hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne, arbeidsmarknadstiltak i skjerma sektor og verkemiddel for lokal nærings- og samfunnsutvikling.

Kommunar med meir enn 100.000 innbyggjarar kan også overta ansvaret for vidaregåande opplæring og kollektivtransport, meiner utvalet.

– Kommunane må vere så store for å kunne gi den nødvendige breidda i tilbodet til elevar i vidaregåande skular. Dette handlar også om geografi, påpeikte utvalsleiar Signy Irene Vabo då ho presenterte rapporten.

LES OGSÅ: – Samanslåingar skvisar nynorsken

Ikkje minstegrense
Kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner understrekar at forslaget om minstestorleik på 15.000-20.000 innbyggjarar ikkje blir følgt.

– Sjølv om dette er eit godt grunngjeve ønske frå utvalets side, vil ikkje regjeringa stille krav til kommunane om tal innbyggjarar. Det er ikkje fleirtal for dette på Stortinget, påpeiker Sanner.

LES OGSÅ: – Framtida står på spel for distrikta

Tre modellar
Ekspertutvalet presenterte også tre ulike kommunemodellar. Ein av dei er at dei aller største kommunane skal få Oslo-status – det vil seie at storkommunen overtek alle dei fylkeskommunale oppgåvene. Dette kan ifølgje utvalsleiaren vitalisere lokalpolitikken, men utvalet stiller også spørsmål ved kva som i så fall skjer med resten av fylket.

LES OGSÅ: Rapport: Legg ned Sogn og Fjordane

Generalistkommunar
Den andre modellen er å fortsetje med prinsippet om generalistkommunar der alle kommunar har dei same oppgåvene som utvalet meiner kommunar med 15.000-20.000 innbyggjarar kan ha. Utvalet meiner denne modellen vil styrkje lokaldemokratiet og bidra til likeverdig lokalt sjølvstyre.

Differensiering
Den tredje modellen opnar for at kommunane skal få ulike oppgåver etter kor mange innbyggjarar dei har, men at alle kommunane med unntak av Oslo framleis skal inngå som ein del av fylkeskommunen. Ei av motførestillingane utvalet peiker på her, er at innbyggjaranes stemme kjem til å få ulik vekt ved kommune- og fylkestingsval. (©NPK)