Rapport: Legg ned Sogn og Fjordane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapport: Legg ned trivselsfylket

 – Skal du vere rimeleg effektiv, så må du ha over 200.000 innbyggjarar. Det er ein føresetnad for å få overført nye oppgåver, seier prosjektleiar Jørgen Amdam frå Møreforsking til Bergens Tidende.

Utgreiinga som tek føre seg alternative fylkes/-regionsstrukturar er bestilt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og skal danne grunnlaget for regjeringshandsaminga av ein ny fylkesstruktur i 2016.

– Det vi ser er at det regionale nivået kan bli viktigare i framtida. Men då kan ein ikkje tillate departementa å bruke argumentet om at nokre fylke er for små til at ein kan overføre oppgåver til dette forvaltningsnivået, seier Amdam til BT.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane har dei flinkaste elevane 

Fem alternativ
I rapporten frå Møreforsking er det skissert fem alternativ for regioninndeling som alle byggjer på forslag i tidlegare utgreiingar. I grove trekk ser alternativa slik ut:

• 0-alternativet: 19 fylke med omtrent same arbeidsoppgåver som i dag, cirka 300 kommunar.

• Samanslåing: Dei minste fylkeskommunane slår seg saman, 10– 15 regionar og cirka 300 kommunar. Nokre fleire oppgåver frå stat til fylke.

• Landsdel: 7 regionar, som får overført fleire oppgåver frå staten, og 80 regionkommunar.

• Storby fleksibel regionalpolitisk organisering: cirka 150 kommunar. 4 til 6 storbyregionar, 10 -15 byregionar, kommunane utanom er organiserte i regionar. Ansvar og oppgåver etter storleik. Summen av regionar og storbyar vil kunne overstige dagens 19 fylke.

• Fleksibel regionalpolitisk og kommunal organisering: 10– 15 regionar. Kommunar som slår seg samen vil kunne få større oppgåver og motsett, talet kommunar vil kunne variere over tid.

LES OGSÅ: Vil ha berre fire kommunar i Sogn og Fjordane 

God utteljing
Forskarane har vurdert dei fem alternativa opp mot kriteria demokrati, tenesteproduksjon, myndigheitsutøving og planlegging og utvikling. Dei tre alternativa der det er skissert mellom sju og 10– 15 regionar, kjem positivt ut sett opp imot dagens situasjon.

0-alternativet scorar samla sett «svakt negativt» sett opp imot tilhøva i dag. Regjeringspartia skal ha ønskt å opprette byfylke, men også «storby-alternativet» kjem svakt negativt ut.

LES OGSÅ: Sp kraftig ned i Sogn og Fjordane 

10– 15 regionar
Amdam peiker på at landsdelsalternativet er det beste verkemiddelet for å overføre makt frå Oslo.

– Men for å få dette til må ein klare å etablere ein felles fiende, ein felles identitet og ei felles oppfatning om at dette er lurt å gjere, seier han.

Møreforsking meiner det beste og mest realistiske er å reduserte talet fylke til mellom ti og femten. Det kan skrive Sogn og Fjordane ut av historia. I det tilfellet ser Amdam for seg eit vestland delt opp i to eller tre regionar.

– Vi har ikkje teikna kartet. Men eit alternativ er at du har Rogaland, Hordaland, og eit fylke på Nord-Vestlandet. Ein kan også sjå for seg at ein slår saman Hordaland og Rogaland i ein del og Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i ein annan, seier Amdam.

Han trur likevel det er større sannsyn for at ein held fram med 19 fylke, enn at det kjem større endringar. (©NPK)