Techweek Europe skriv om det israelske selskapet StoreDot, som må ha den til no desidert raskaste ladinga av ein mobiltelefon klar. Batteriet, som vart demonstrert allereie i april i år, gjekk frå tomt til fullada på 26 sekund.
LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd
Sjølv om det høyres ut som noko ein berre kan fantasera om i science fiction er det heller ikkje langt unna – selskapet meiner å ha ein versjon klar for marknaden allereie i 2016. I april demonstrerte dei og teknologien – sjå video her:
LES OGSÅ: Nytt batteri varar i tjue år
Dobbelt så dyrt
Selskapet har visstnok pengesekken til Chelsea-eigaren Roman Abramovich i ryggen, og kan slik sett reknast som ein alvorleg konkurrent for batterimarknaden i framtida.
Batteriet dei no skal ha klart for marknaden til 2016 er basert på nanoteknologi – Reuters samanliknar teknologien med ein svamp som på utruleg kort tid kan samla opp, og halda på energien.
Det er berre ei openbar hake – prislappen. Ifølgje Techweek kjem den lynraske ladinga med ein heftig prislapp. Doron Myersdorf, som grunnla StartDot, sa til Reuters at det nye batteriet ville kosta rundt 150 dollar – eller rett over 1000 kroner – meir enn dei vanlege batteria på marknaden i dag.
Ifølgje Techweek vil eit slikt batteri leva i rundt tre år, og elbilar er ein anna marknad selskapet siktar mot.
LES OGSÅ: Neste år køyrer Tesla-bilane sjølv