Styret i Høgskulen i Telemark skal neste veke sjå på framtida for tradisjonsmatstudiet i Rauland.

Audny Barstad, Vest-Telemark Blad
Audny Barstad, Vest-Telemark Blad

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad. 

Halvårsstudiet i Tradisjonsmat blei oppretta i 2001 og sidan då har det vore eit populært studium, og dei siste åra har det vore god pågang. Likevel vel no Høgskulen i Telemark (HiT), avdeling Rauland ved dekan Arild Hovland med støtte frå instituttleiar Bodil Akselvoll å søkje styret i HiT om å leggje ned studiet.

LES OGSÅ: Mindre enn 40 prosent av maten vår er norsk

Ikkje framtid
I år er det ikkje elevar på tradisjonsmatstudiet. Etter ei intern evaluering i fjor skulle skuleåret 2014-2015 nyttast til å tenkje på kva ein ville gjera ned studiet. Men utgangspunktet var ikkje å leggje ned, i fylgje Akselvoll.

– Me har sett på økonomi og på kva ein kunne gjera om for å få studiet mindre ressurskrevjande. Men me har ikkje klart å sett ei stor framtid for studiet, seier Akselvoll.

I fylgje instituttleiaren er dei faglege utfordringar knytt til studiet ein viktig grunn til at ein no vel å søkje om nedlegging.

– I etableringa av studiet var fokuset sett meir mot etablering av lokalmat og produktutvikling frå eigne råvarer. Perspektivet på utvikling av eigne produkt er litt borte i forhold til kva som var tenkt ein gong, seier Akselvoll.

Ho peikar på at instituttet stadig må sjå nærare på studietilbodet sitt og at ein stadig legg ned og etablerar studietilbod på høgskulen.

– Ei slik nedlegging vil ikkje svekke instituttet. Tvert imot. Me må konsentrere oss om å styrkje dei to andre retningane, folkekunst og folkemusikk, som er bærebjelkane til instituttet. Me vil bli betre på det me alt er gode på. Det er viktig med ein tydeleg profil, seier ho.

LES OGSÅ: Jobbar for saktare mat

Økonomi og fag
I fylgje notatet frå Akselvoll som fylgjer med søknaden meiner ho det har vore vanskeleg å administrere studiet. Rutinar har ikkje vore fylgd og mellom anna auka matproduksjonen såpass at kjøkkenfasilitetane ikkje fylte kravet frå Mattilsynet. Under kontroll frå mattilsynet i fjor blei HiT pålagt å leige det nye produksjonskjøkkenet som Raulandsakademiet har bygd på grunn av matmengda.

Økonomisk reknar Akselvoll at ein sparer opp mot 233 000 kroner i året på å leggje ned studietilbodet.

– Det har også vore fleire forsøk på å tilpasse studiet innanfor dei rammene insitituttet har når det gjeld kapasitet, men det har vist seg å vera umogeleg å få til dei naudsynte endringane, står det i notatet.

Det har heller ikkje vore mogeleg å etablere fleire studium som kan bygge opp kring tradisjonsmatstudiet, sjølv etter fleire forsøk, og dermed bli dette studiet på sidan av dei studia instituttet prøvar å utvikle.

– Nedlegging av studiet tradisjonsmat vil difor ikkje endre på eller svekkje instituttets eller høgskulens generelle profil, skriv Akselvoll

Styret i Høgskulen i Telemark skal behandle saka onsdag i neste veke.     

LES OGSÅ: Ein ung potetentusiast

– Manglar vilje
Høgskulerektor og fagansvarleg ved Tradisjonsmatstudiet ved Rauland, Bodil Nordjore, er svært opprørt over at insistuttet søkjer om å få lagt ned studiet, men var ikkje i stand til å kommentere saka til VTB. Ektemannen, Øystein Aleksander Løvlie, uttalar seg på vegne av Nordjore. Han meiner det er eit stort tap for høgskulen i Telemark dersom tradisjonsmatstudiet forsvinn.

– Dette er det einaste studiet i sitt slag i landet, og det er svært trist om det blir lagt ned. Det har hatt fulle kull sidan oppstarten, og blitt meir og meir populært. Det held ikkje å vise til økonomi som grunn for nedlegging, ein kan rekne seg fram til det meste, seier Løvlie.

Beskjeden om at instituttet ynskjer å leggje ned tradisjonsmatstudiet fekk Nordjorde fyrst førre veke. Det har opprørt dei båe to.

– Her er det snakk om vilje, og i beste fall er det snakk om dårleg leiing. Tradisjonsmat er det einaste studiet som går for fulle hus på Rauland. Dette er eit tilfelle der marknaden vil ha produktet, men produsenten ikkje vil levere, seier Løvlie.

LES OGSÅ: Fryktar for distriktsjordbruket

– Eg er glad eg rakk å gå der
Fleire vesttelar har vore studentar på tradisjonsmatstudiet i Rauland under leiinga av Bodil Nordjore. Ein av desse er dagleg leiar på Nauraktunet i Nissedal, Tone Lundeberg Reinholt. Ho synest det er uforståeleg at ein no vil leggje ned tilbodet.

– Det kan ikkje vera nokon fordel å leggje ned eit studium som arbeider med noko som både er tradisjon og trendy. Og dette er jo eit populært studium, så eg skjønnar ikkje kvifor, seier Reinholt.

Sjølv fekk ho stort utbyte av året som ho tok med seg inn i drifta av Nauraktunet. Ho trekk fram gode førelesarar, godt fagleg innhald og formidling av handlingsboren kunnskap.

– Eg var gørrglad for at eg rakk å gå der, og eg synest det er trist om ikkje andre får den sjansen, seier ho.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE