– Menn forstår økonomi betre enn kvinner

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Menn forstår meir enn kvinner

Annankvar nordmann veit ikkje kva ytingsbasert pensjon er, viser ei undersøking utført i høve Språkdagen 2014.

– Det er alvorleg at eit viktig omgrep på eit så sentralt samfunnsområde som pensjon ikkje blir forstått, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

– Dette bør vera ein vekkar for styresmaktene og partane i arbeidslivet. Det er viktig at pensjonsuttrykk blir forstått, både av omsyn til privatøkonomien til folk og til høvet deira til å delta i samfunnsdebatten, seier Vonen i ei pressemelding.

Forståinga til folk av ord innanfor finans var eit tema på Språkdagen 2014 i Oslo Konserthus torsdag. I undersøkinga svarer 32 prosent at ytingsbasert pensjon tyder «pensjon der utbetalt beløp er avhengig av kor mykje arbeidsgivar vil betala» (gale). 15 prosent svarer at omgrepet tyder «pensjon der utbetalt beløp er avhengig av kor tungt arbeidet til ein person har vore» (gale). 53 prosent svarer at ytingsbasert pensjon er «tenestepensjon der storleiken på utbetalinga er avtalt på førehand» (rett).

LES OGSÅ:– Nordmenn må ned i løn

Forstår ikkje «annuitetslån»
Svært mange veit heller ikkje kva eit annuitetslån er, viser undersøkinga. 36 prosent trur det er «lån der avdraga er like store ved kvar betalingstermin» (gale), 5 prosent trur det er «lån som løper i eitt år» (gale), medan 58 prosent trur det er «lån der summen av renter og avdrag er den same ved kvar betalingstermin» (rett).

QUIZ: Forstår du deg på økonomi? Kor mange rette får du?

Menn forstår meir – yngre forstår minst
Generelt har folkesetnaden likevel god kunnskap om kva ord innanfor finans tyder, går det fram av undersøkinga. Undersøkinga viser at menn forstår finanstermer betre enn kvinner, og at kunnskapen stig med utdanning og inntekt. Dei yngste forstår minst. Undersøkinga er utført av Ipsos MMI blant eit representativt utval.

Ellen Katrine Nyhus er professor og åtferdsøkonom ved Universitetet i Agder og var i 2012 med på å gjennomføra ei OECD-undersøking om finanskunnskapar hos norske kvinner og menn. Også då fann ho at kvinner i alle aldersgrupper i snitt svarer rett på færre spørsmål enn menn.

– Eg ser ingen god grunn til at det skal vera slik. Kvinner har like mykje hovud for økonomi som menn, men dei manglar kanskje interesse for det? sa ho til Aftenposten tidlegare i år. Ho fryktar at dårlege kunnskapar kan føra til at ein risikerer å ta dårlege val for sine eigen økonomi.

LES OGSÅ: – Vår verbbøying gir meir sparing og sikrare sex