– Nordmenn må ned i lønn
Den dagen det norske oljeeventyret ikkje lenger kan finansiere lønnsnivået til nordmenn, må lønningane kraftig ned, kanskje så mykje som 25 prosent. Det meiner sjeføkonom Knut Anton Mork.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er den høge etterspørselen etter norsk olje og gass som har gitt den høge norske lønnsveksten, meiner Mork, som er sjeføkonom i Handelsbanken.
Til Finansavisen seier han at nordmenn må venje seg til lønnskutt, kraftige såleis, for å kome ned til nordisk nivå den dagen oljeinvesteringane ikkje kan finansiere særnorske lønningar.
– Noreg er ein boomtown. Det er det vi har, det er det vi er. Vi må ikkje innbille oss at velstanden kjem av at vi er smartare enn alle andre eller meir ansvarlege enn alle andre, seier Mork.
I perioden 2003 til 2012 låg det norske lønnsnivået 38 prosent over gjennomsnittet i Norden og 64 prosent over gjennomsnittet i eurosona.
Sjølv om det framleis er langt fram til den dagen dette vil skje, meiner Mork at det er betre å førebu seg mentalt på at det vil skje enn å tvihalde på at det ikkje kjem til å skje. (©NPK)