Sp med milliardpakke til distrikta

Levande bygder er eitt av hovudmåla i det alternative budsjettet til Senterpartiet. No blar partiet opp 10 milliardar nye distriktskroner.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

10 milliardar nye distriktskroner

Målet med den nye milliardpakken er å bidra til desentralisering og livskraft over heile landet.

– Regjeringa har lagt på bordet eit usosialt budsjett som bidreg til sentralisering av pengar, makt og tenester. I vårt budsjett dreg vi det i motsett retning med blant anna ei kraftig satsing på dei lokale tenestene gjennom eit auka kommunebudsjett på 2,9 milliardar kroner. Dette vil i neste omgang kome eldreomsorga, skulane og dei lokale velferdstilboda til gode, seier partileiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum.

LES OGSÅ: Regjeringa gir meir til kommunar i vekst

Ras, flaum, politi og sjukehus
Senterpartiet føreslår fleire konkrete tiltak for å støtte opp om distrikta, mellom anna å løyve 800 millionar kroner til rassikring og vegbygging. Flaumsikring og flaumvern vert også prioritert med til saman 90 millionar, av dette skal 40 millionar gå til slikt arbeid på Kvam i Gudbrandsdalen.

Partiet ønskjer også å betre responstida i distrikta gjennom å styrke distriktspolitiet med 200 millionar kroner. Også sjukehustilbodet over heile landet skal betrast, og rundt 300 millionar kroner av sjukehusløyvingane er tenkt som konkrete bidrag til desentralisering.

Partiet vil også ha ei tilskotsordning for breibandsutbygging og ei vidareføring av programmet «Buetablering i distrikta».

– Senterpartiet legg opp til ei distriktspakke på over 10 milliardar kroner som skal gjere det mogleg med eit betre velferdstilbod, vegar og moglegheit til å drive næring i heile landet. Dette er naudsynt om vi ønskjer dei same moglegheitene i byen og ute i landet, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

LES OGSÅ: Vil ikkje ha byggjeforbod i flaumsone

Liv laga for næringslivet
Fleire av tiltaka i distriktspakken vil kome næringslivet til gode, både større verksemder og småskalabedrifter. Senterpartiet ønskjer å halde tollgrensa på 200 kroner, det same som i dag, for å styrke grunnlaget for varehandel i Noreg. Det står i skarp kontrast til regjeringa som i sitt budsjett føreslo å heve grensa til 500 kroner.

Partiet føreslår også å fjerne produktavgifta på saft, noko som blant anna vil kome Sogndals-verksemda og saftprodusenten Lerum til gode. Budsjettet legg også opp til ei innstramming av taxfree-ordninga og samtidig ei styrking av polordninga over heile landet.

Skogbruksnæringa kjem høgt opp på prioriteringslista til Senterpartiet. Forslaget om å satse på auka verdiskaping frå skog er tilgodesett med totalt 1,4 milliardar kroner, noko som er ein milliard meir enn i budsjettforslaget til regjeringspartia.

Også distriktsflyplassane får ei helsing i det alternative Sp-budsjettet, gjennom forslaget om å halvere flyplassutgiftene på dei 31 flyplassane med statleg finansierte flyruter. (©NPK)