Ein ny studie forklarar kvifor det av og til kjennest umogleg å legga frå sei ei god bok.

Science Alert skriv om studien, gjort av ei forskargruppe ved Free University of Berlin. Forskargruppa bestemte seg for å sjå kva som skjedde i hjernen når du blir riven med av utdrag frå Harry Potter-bøkene.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Engasjerer med kjensler
Studien tok utgangspunkt i ein teori populært kalla «fiction feeling hypothesis» – eller «Fiksjonskjensle-hypotesen». Teorien går ganske enkelt ut på at forteljingar med innhald som spelar på kjensler skapar empati for heltane.

Då blir spesielle deler av hjernen aktivert – nærare bestemt denne og denne. Det er i alle fall teorien.

LES OGSÅ: Lærer raskare med dataspel

Engasjerande
Forskarane fekk deltakarane, som var delt i to grupper til å lesa to ulike deler frå Harry Potter-bøkene. Ein del var frå den første boka, der (SPOILER) ein av skurkane, Quirinius Kringle drikk blodet til ein einhjørning framfor augene til Harry og Draco. Den andre delen var frå den siste boka, der ugla Hedvig duppar av i buret sitt.

Den eine gruppa skulle lesa dette i ei MR-maskin – og det synte seg, som venta, at delene av hjerna som står for empati var mykje meir aktive då dei las den første, mest kjensletunge delen.

Den andre gruppa skulle skildra sjølv kor engasjerte dei vart i det dei las.

Lesarane var meir engasjert i den skremmande delen av boka, og det var difor meir aktivitet i delene av hjernen som står for empati. Difor blir du og meir hekta, skriv Fast Company, som Science Alert refererer til.

LES OGSÅ: Zombie-akademia

Empatiske Harry
Ei tidlegare studie har hatt liknande resultat – då og med Harry Potter. Den gong vart det målt toleranse hjå italienske skuleelevar som hadde lest Harry Potter, og samanlikna med dei som ikkje hadde lest.

Det synte seg at dei som las Harry Potter var meir tolerante mor minoritetar enn dei som ikkje las det.

LES MEIR HER: Harry Potter skapar toleranse

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE