Han ser beinrestar der andre ser plast, og har forsvart ein drapsdømt i 16 år. Når Per Holck blir pensjonist mistar Noreg sin einaste rettsantropolog.

Petter Fløttum, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg
Petter Fløttum, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg

Portrettet vart først publisert hos Universitas

– Eg har vore utsett for ganske mykje kritikk gjennom åra. Både frå den samiske befolkninga, svensk politi og norsk rettsvesen, nettopp fordi det er sensitivt materiale eg driv med.

LES OGSÅ: I grenselandet

Å lesa hovudskalla
Per Holck hentar ei hovudskalle ned frå hylla, blankpolert etter fleire år med handtering frå vitskaplege hender. Den ligg i ei eske det står «Forbryter» på. Den ukjende kjeltringen har sidan 1830 blitt brukt som døme på korleis forbrytar-trekk ser ut, fortel Holck.

Den 72 år gamle anatomen er Noreg sin einaste rettsantropolog med medisinsk utdanning, og har gjennom 50 år i yrkeslivet opparbeida seg ein ekspertise som ikkje finst andre stader i landet.

«Forbryteren» er berre et døme på kva som gøymer seg i De schreinerske samlinger i kjellaren under Anatomisk avdeling på Domus Medica. Medan hyllerad på hyllerad med fleire hundre år gamle hovudskallar stirrar frå glasreolane, fortel Holck korleis ein trudde at karakteren til ein person kunne lesast frå forma på hovudskalla på 1800-talet.

– Det tok jo diverre heilt av i nazi-tida, då ein byrja å kopla inn intelligens og slike ting på toppen av det heile.

Dei tankane fekk heldigvis aldri rotfeste blant medisinarane ved Universitetet i Oslo (UiO), men for Holck og den biologiske antropologien er skjelett framleis full av anna verdifull informasjon.

– Her har me eit menneskje som sjølv kan fortelja oss akkurat korleis det levde, i staden for at me må finna det ut gjennom gamle sverd og spyd eller dagbøker.

LES OGSÅ: Skjelett levert tilbake etter 96 år

Krigsovergrep og sagaheltar
Holck går målbevisst gjennom reolane, med den kvite legefrakken som flagrar bak seg. Han plukkar fram eit bein med merke etter syfilis, og på eit anna viser han kva som skjer med skjelettet når skjørbuken tek tak. Så låser ei senete, stødig hand igjen den grå ståldøra til samlinga. Holck har den einaste nøkkelen.

Holck har identifisert drapsoffer etter krigsovergrep i Kosovo, leitt etter sagaheltar på Island, funne Noregs kanskje første kreftoffer, krangla om hovudskalla til leiaren for Kautokeino-opprøret og hamna i hardt vêr i Sverige for konklusjonane om moglege beinrestar i Thomas Quick-saka.

– Eg har blitt skulda for å driva med vitskapeleg bedrageri. Det er ganske alvorleg, og ikkje særleg hyggeleg, seier han, og siktar til den svenske drapssaken frå 1988, då ni år gamle Therese Johannesen forvant frå Fjell i Drammen.

Politiet var heilt utan spor, til svensken Thomas Quick kom på bana ti år seinare. Han tilsto for svensk politi at han var drapsmann i 16 uoppklarde saker, mellom anna i Therese-saka. 2. juni 1988 vart han dømt for drapet. Eitt av dei viktigaste bevisa mot han, sto Per Holck bak.

LES OGSÅ: Det største norske sviket

Han fekk jobben med å analysera bålrestar. Dei var funne av politiet, ved tjernet Quick peika ut som staden der han brende restane av kroppen til Johannesen. Holck meinte, og meiner endå, at det var beinrestar han undersøkte. Men då Svenska kriminaltekniska laboratorium (SKL) undersøkte «beinrestane» i 2010 likna det mest på tre eller plast.

– At det likna på tre har etter kvart blitt til at det var tre. Men eg uttalte meg på bakgrunn av erfaringa eg har, altså frå 4-5000 undersøkingar av branngraver frå fortida.

I Sverige såg dei det ikkje på same måte.

– Det var ei tid eg følte eg såg namnet mitt i avisa nesten kvar einaste dag. Det var veldig strevsamt, spesielt når eg hadde gjort det i beste meining og etter beste evne.

At det er synsarar som har andre meiningar få berre vera, meiner Holck, men tonen i media tykkjer han ikkje har vore berre hyggeleg.

– Førebels står saka stille. Det rare er at eg aldri har blitt konfrontert med dette av politiet sjølv.

LES OGSÅ: Mumien

Spritlukta
Den gråhåra rettsantropologen rettar på brillene. Skjelettet på innsida av kroppen hans flyttar tyngdepunktet framover. I bokhyllene rundt han på kontoret ved Institutt for medisinske basalfag står bøker og artiklar han har skrive sjølv, mellom anna om Osebergdronninga, gamal folkemedisin og mogleg lungekraft hos Henrik Wergeland. Spritlukta er sterk, og i naborommet ligg eit nyvaska skjelett. Personen som ein gong var rundt det vart ikkje utsett for noko kriminelt, men skjelettet hadde på eit eller anna vis enda opp på eit loft i Oslo før det vart funne og sendt til Holck.

skjelettet

På 1700-talet byrja ein å tru på frenologi, at eigenskapane våre kan lesast frå skalleforma. – Frenologane reiste rundt og kjende på hovuda til folk. Det var veldig populært. Det uhyggelege er at dei heldt på til langt oppi mellomkrigsåra nokre stader, fortel Holck. Hovudskalla er ikkje ein del av De schreinerske samlinger. Foto: Henrik Evertsson

Holck er frustrert over at saka mot norske Fredrik Torgersen står like stille som Quick-saka. I 1958 vart Torgersen dømd for drapet på 16 år gamle Rigmor Johnsen. Torgersen har alltid sagt han var uskuldig, og i 1998 engasjerte Holck seg i saka. Han vart først hyra inn for å sjå på bitemerka på brystet til Johnsen, som politiet meinte kom frå Torgersen. Men Holck er ikkje i tvil om at det ikkje er sjans for at det er tannmerka til Torgersen.

– Det samla bevismaterialet som peiker mot at Torgersen er uskuldig er overveldande. Likevel vil ikkje myndigheitene ta opp att saka.

Holck lenar seg framover i stolen og stemma endrar leie. Justismord er noko av det mest alvorlege ein kan bli utsett for i ein rettsstat, meiner medisinaren. Han har kjempa for å opna saka på nytt i 16 år. Likevel trur ikkje Holck at den no 80 år gamle drapsdømde mannen vil få oppleva å bli reinvaska.

– Torgersen-saka har opna augene mine for kor lett det er å ta feil i dette faget, og kor mykje prestisje som hindrar at saka blir tatt opp att.

LES OGSÅ: Forbrytarskulen

I skjeletta si teneste
Holck trur både rettsmedisinarar og rettsantropologar diverre ofte leverer resultata dei trur oppdragsgivaren ønskjer seg. Men restane som vart funne i Therese-saka var bein, meiner han. I alle fall til det er bevist at det ikkje er det.

– Eg skal vera den første som beklagar om eg har tatt feil. Eg er ikkje utan feil, men eg vil ha eit profesjonelt motsvar, og ikkje berre synsing frå andre som eigentleg ikkje har stilt nokon diagnose.

Holck har hatt eit langt liv i skjeletta si teneste, som han sjølv seier. Det er 52 år sidan den dåverande medisinstudenten grov opp sin første kyrkjegard, og henta opp skjeletta i mellomaldergravene ved Mariakyrkja på Sørenga.

– Etter kvart tykte eg det var veldig fascinerande. Gradvis skjønte eg kva informasjon som ligg gøymd i restane av dei daude.

Etter eksamen håpa han å bli tilsett ved Universitetet. Men då dei ikkje kunne tilby han jobb, kjøpte han sin eigen praksis og heldt fram med å forska på bein og skjelett på kveldstid. Det vart til ei doktorgrad om brente bein, og til slutt ei etterlengta tilsetjing.

LES OGSÅ: Rocketerapien

«Forbanninga me har kasta over oss»
I dag bur rettsantropologen med den tyske kona si på Nesøya i Asker. Veggbreie bokhyller fulle av mellomalderhistorie og klassisk litteratur omkrinsar stova. Her har Holck heimekontor ein dag i veka. Han er professor emeritus no, og føler at han kan unna seg sopass. Der blir ikkje døra rent ned og han blir berre distrahert av e-postar, denne «forbanninga me har kasta over oss», som han seier. Sjølv om han lett innrømmer at kritikken mot han gjennom åra har tæra på, vart ikkje Holck felt av motvinden. Men for seks år sidan var det nær, då han vekka sinnet frå samane.

– Heile elendigheita starta med at ein journalist ville ha bilete av skallen til Mons Aslaksen Somby frå Kautokeino-opprøret, og så skulle eg stå med hovudet under armen, bokstaveleg talt. Eg meinte det var å gå for langt å ta bilete av hovudskalla til eit namngjett, avretta menneskje.

LES OGSÅ: Får grava si til slutt

Skjelettet til den samiske opprøraren låg lenge saman med gravrestar etter 94 mellomaldermenneskje i Neiden i Finnmark. I 1915 vart dei fjerna og enda opp i De schreinerske samlinger ved UiO, trass i høgrøysta protestar frå lokalbefolkninga. Skjeletta stammar frå mellom år 1200 og 1600, og er i vitskapleg samanheng veldig verdifulle, meiner Holck. I 2011 måtte Universitetet etter ein lengre strid gi tilbake funna, slik at dei kunne bli grave ned på nytt. Bråket starta i 2008, då Holck meinte det var å gå for langt å ta bilete av hovudskalla på eit namngjett, avretta menneskje. Men bilete vart det likevel. Det enda med at han vart klaga inn for Universitetet. Journalisten fekk bileta sine før samlinga seinare vart heilt forbode å fotografera.

– Det er alltid nokon som tykkjer at det me anatomar driv med er på grensa til det perverse. Me fekk til dømes kommentarar frå det samiske miljøet, at det måtte då vera forska nok på desse skjeletta etter 90 år. Det viser jo berre at folk si forståing av forsking er litt, vel, eigenarta, for å sei det forsiktig. Forskinga er jo under stadig utvikling.

Sjølv om det kan virka som eit dystert, ja, som enkelte meiner, perverst yrke å jobba med daude kroppar, let ikkje Holck det påverka humøret.

– Sjølvsagt har ein empati, men om eg skulle gå heim og gråta for kvar pasient det var synd på, kunne eg berre pakka saman. Det gjeld vel alle legar.

LES OGSÅ: Språkets tilstand

Sjølv om han har nådd pensjonsalder får Holck halda på kontoret og laben mot at han underviser studentar og rettleiar stipendiatar. Men når kontrakten går ut neste år, kan det vera slutt.

– Den dagen eg veit eg har ein etterfølgjar, den dagen kan eg setja nøkkelen i døra med godt samvit. Men eg har ikkje det.

Det er fleire som er interesserte i å ta opp tråden, men han har ingen betalte stillingar å tilby dei, og unge i dag kan ikkje leva på smular, slik han seier han sjølv gjorde i gamle dagar.

– Eg tykkjer det er veldig synd, også reint personleg sjølvsagt, om denne stillinga eg har no skal forsvinna. Eg tykkjer UiO har eit visst ansvar for at kontinuiteten blir oppretthaldt. Det bekymrar og fleire, for det er ingen med min medisinske bakgrunn som driv med dette.

Han forstår uansett ikkje heilt kvifor han skal gi seg, sjølv om han er 72 år.

– Eg har då aldri kunna så mykje som eg gjer no, så kvifor skal eg slutta når eg fagleg sett er på topp?

LES OGSÅ: Gis bort: Vitskapleg kunnskap

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE