Rocketerapien

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kriminell rock

– Rocken identifiserer seg veldig godt med outsiderane, og dei som ikkje heilt passar inn og lever på kant med loven, fortel Lars Tuastad. Musikkterapeuten har jobba ti år i Bergen fengsel før han gjorde arbeidet til forsking. Det vart til doktoravhandlinga «Innanfor og utanfor – Rockens rolle innan kriminalomsorg og ettervern»

– I utgangspunktet er ikkje det noko negativt i rockekulturen å vera på kant med loven, held Tuastad fram.

– Der har det nærast blitt idolisert. Slik sett brukar eg det som ein ressurs – ved å vera utanfor samfunnet er ein inne i rockekulturen. Det er noko Me and the Band'its brukar aktivt.

Me and the Band'its er bandet Lars Tuastad har spelt saman med dei siste fire åra, sett saman av tidlegare innsette Tuastad har spelt med gjennom fleire år. Dei er hovudpersonane i doktoravhandlinga – og det vart dei på litt tilfeldig vis.

LES OGSÅ: Forbrytarskulen

– Ein vinn-vinn-situasjon
Midt i bandet Me and the Band'its sto lenge Kjellemann og historiene frå eit liv i fengsel. Det var då Kjellemann tok opp telefonen at Lars Tuastad fann retninga han leitte etter i doktoravhandlinga.

– Eg sat med ei prosjektskisse, og klødde meg litt i hovudet framfor skjermen. Så ringde Kjellemann og sa han hadde slutta å drikka og var klar for å spela. Då utvikla det seg ganske naturleg – dei ville spela, og eg ville forska, fortel Tuastad.

LES OGSÅ: Egil Olsen – no også i dataspel

Rock og fridom
Det Tuastad har jobba fram saman med Me and the Band'its er – som han seier det sjølv – ei alternativ stemme til mykje av kriminalomsorga som eksisterer.

– Det har vore eit sterkt brukarfokus i prosjektet. Ofte er det program der andre skal forandra deg, noko som fort kan bli litt ovanfrå og ned. Difor treff det ikkje alle. I eit slikt prosjekt kjem motivasjonen innanfrå, seier Tuastad.

Han fortel om eit prosjekt innan kriminalomsorga sidan 90-talet. Musikk i fengsel og fridom (MIFF) har samla innsette i band, og gitt dei samlingspunkt også utanfor murane. Ifølgje Tuastad er nettopp samlingspunktet etter fengselsopphaldet spesielt viktig.

– Å klara livet bak murane, det gjer ein jo. Men det å klara seg ute, å takla dei moglegheitene og fallgruvene som kjem med fridom, det er vanskeleg. Så eit slikt tilbod kan vera avgjerande for å halda seg unna kriminalitet og rus.

LES OGSÅ: Når staten tilbyd kriminelle giftsprøyter

Det tredje alternativet

– Og det fungerer?

– Det er det semje om i alle evalueringane. Å ha ein slik fast base er heilt avgjerande. Dei eg har jobba med dei siste ti åra kallar musikken det tredje alternativet. I fengsel har ein gjerne to alternativ – å bli frelst av Gud eller rusrehabilitering. For dei som har vore med meg, er det musikken som gjeld. Dei seier at dei ikkje passar inn nokon annan stad.

Tuastad2

– Mange innsette kallar musikken ein pause, og ein sjanse til å gløyma kvar du er, seier Lars Tuastad. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Krev meir norsk musikk i NRK

Konsertforedrag
Mykje av det Tuastad og bandet bygde fram var noko dei kalla konsertforedrag. Ei blanding av konsert og historieforteljing, som ein del vegen tilbake frå livet bak murane. Historiene kjem frå livet til bandmedlemma sjølv – hovudsakleg Kjellemann. Å framføra det var ei sjølvfølgje.

Men kva er eigentleg skilnaden på eit konsertforedrag og ein konsert der artisten også tek seg tid til å snakka til publikum og fortelja historier på den måten?

– Det er jobba fram, og det musikkterapeutiske ligg i bevisstgjeringa rundt å laga konsertforedraget. Det å gå gjennom kva ein vil fortelja, kva er bodskapen? Korleis ser folk på meg, og kven vil eg framstilla meg sjølv som? Slik sett skil det seg frå ein vanleg konsert, fortel Tuastad.

LES OGSÅ: Barn av folkemusikken

Freebird

Som Tuastad sjølv sa, har det alltid vore eit band mellom rock, kriminalitet og eit skrik etter fridom. Det er uteljeleg mange sangar som tek føre seg jaget etter fridom, og akkurat dette gjer musikken til eit ekstra viktig verktøy i kriminalomsorga, meiner Tuastad. Det kan gi ei fridomskjensle også innanfor murane.

– Mange innsette kallar musikken ein pause, og ein sjanse til å gløyma kvar du er. På den andre sida kan det vera motsatt – musikken let deg gå inn i verda slik den eigentleg er, og gir deg kontakt med eigne kjensler.

Slik, meiner Tuastad, kan musikken brukast som ein fridomspraksis – sjølv bak murane.

LES OGSÅ: I grenselandet