– Stolt over å vera automatikar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Automatikarlærlingane Tobias Andersson og Lars Erik Wik jobbar til dagleg på Advantec på Stord og er ikkje i tvil om at yrkes-NM bidreg til å heva statusen til yrkesfaga. Sist veke vann dei bronsemedalje innanfor automatiseringsfaget.

Sjå alle medaljevinnarene her!

Manglar 90.000 fagarbeidarar i 2035
Frå tysdag til torsdag jobba dei to på lag for å løyse utfordrande oppgåver innan sitt fagfelt – med publikum tilstade. Det same gjorde over 300 andre ungdommar, som konkurrerte i 27 ulike fag.

– Her får dei sett kor tøft det eigentleg er, seier Lars Erik Wik på telefon frå Trondheim, der meisterskapet vert arrangert.

20-åringen frå Tromsø flytta til Stord i fjor for å arbeida som lærling i Advantec.

Slike gutar og jenter vil gamle Noreg ha fleire av. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at me vil mangle opp mot 90.000 fagarbeidarar i 2035. Behovet ser ut til å verte størst innan elektro, industriell produksjon, bygg og anlegg og helse- og oppvekstfag.

Difor hastar det med å få opp interessa blant dei unge.

LES OGSÅ: – Lærlingar er ei investering i framtida

Skule + bedrift = yrkesfag?
Benedikte Sterner er samfunnspolitisk rådgjevar i LO og styremedlem i Worldskills Norway, som arrangerer yrkes-NM. Ho vonar både elevar og føresette kjem litt bak utdanningsprogramma under konkurransane, som er kombinert med utdanningsmesse.

I løpet av dei tre dagane reknar dei med kring 20.000 besøkande.

Eit slikt innblikk sakna Lars Erik då han valde yrkesveg.

– Eg fann ikkje ut før eg var ferdig med utdanninga kva eg hadde valt, så det er litt flaks, seier 20-åringen, som meiner at vidaregåandeelevar er altfor unge til å ta det yrkesvalet.

Han trur at å få bedrifter inn i skulane og elevane ut i bedriftene kan vere ei god løysing.

LES OGSÅ: – Kjempestort behov for utdanninga vår

Kravstore nordmenn
Lagkamerat Tobias Andersson får utelukkande positive reaksjonar på yrkesvalet sitt, men trur at ein del norske ungdommar vel studiespesialiserande i håp om å få statusjobbar.

– I Noreg krev folk litt meir. Dei vil gjerne ha ein fin jobb der dei tener meir pengar og sit på kontor. Nokon vel kanskje allmenn fordi det er kulare å bli noko viktigare, trur 20-åringen, som flytta til Stord frå Sverige for tre år sidan.

Sjølv er han ikkje uroa for verken arbeid eller løn med utdanninga han har vald.

LES OGSÅ: Færre vel yrkesfag på vidaregåande

– Arkitektar byggjer ikkje hus
Benedikte Sterner meiner me må endra måten me snakkar om yrkesfag på.

– Me må forklarar at det at arbeidsmarknaden etterspør kompetanse ikkje handlar om kor lenge du har vore i skule eller utdanning. Det er ein trend i samfunnet at me har tolka behovet for meir kompetanse, som eit behov for lang utdanning. Men høg kompetanse handlar like mykje om riktig kompetanse. Å ta yrkesfag opnar faktisk fleire dører inn til arbeidslivet enn det studiespesialisering gjer, seier LO-rådgjevaren, og legg til:

– Det handlar ikkje om best og nest best, men utfyllande kompetanse. Arkitektar byggjer ikkje hus. Til det trengst ein tømrar på laget.