Gis bort: Vitskapleg kunnskap

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gjera forskinga gratis

Du betalar skatt til myndigheitene. Myndigheitene gir pengar til forsking. Forskarane leitar seg fram til livsviktige medisinar eller tiltak for å stogge klimaendringane. Dei sender funna til forlag, som får andre forskarar til å vurdere kvaliteten på forskinga. Er kvaliteten god nok, publiserer forlaga kunnskapen i prestisjefylte tidsskrift. Til sist kjøper biblioteka tidsskrifta og gjer dei tilgjengelege for sine brukarar – ved hjelp av offentlege midlar.

Om lag slik har systemet for vitskaplege publikasjonar fungert fram til no. Og det har vore gunstig for utgjevarane, som i byte mot å formidle artiklane og gjere arbeid knytt til dette, tener store pengar. Elsevier, den største utgjevaren av vitskaplege tidsskrift med nær 2000 titlar i stallen, hadde ein driftsmargin på 36 prosent i 2011.

Bak omsetninga ligg skyhøge abonnementsprisar, og i 2012 fekk eit av verdas rikaste universitet nok. Harvard-universitetet melde at det ikkje lenger hadde råd til å kjøpe dei største tidsskrifta. I same slengen vart tilsette ved universitetet oppmoda om å trekkje seg frå tidsskrift som krev betaling frå brukarane.

Med det byrja vinden for alvor å snu. Stadig fleire kastar seg på Open Access (OA)-bølgja og gjer forskinga si tilgjengeleg for alle – gratis å lese og fri til å bruke om att.

Eit steg lenger
– Det har kome til eit punkt der ein betalar mykje meir for jobben forlaga gjer enn den eigentleg er verdt. Når biblioteka betalar skyhøge prisar for abonnement på tidsskrift, er det pengar ut av vindauget for myndigheitene, seier Torbjørn Rognes.

Han er professor i bioinformatikk ved Universitetet i Oslo. Dei siste åra har han freisa å hovudsakleg publisere i tidsskrift som gjer vitskaplege publikasjonar fritt tilgjengelege på nett. Dette vert kalla Open Access, eller open tilgang, og målet er at det ikkje lenger skal stå ein mur ein treng pengar for å forsere, mellom forsking og enkeltpersonar, offentleg sektor, næringsliv, og det globale samfunn.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

Ekspertane snakkar om ulike typar open tilgang. «Grøn open tilgang» er når den vitskaplege artikkelen er tilgjengeleg i ulike typar arkiv. Dette er så langt den mest utbreidde forma for open tilgang. Desse arkiva kan nokre gongar vere vanskelege å finne, artiklane vert lagt ut i tidlege versjonar, og det kan gå mange månadar frå artikkelen er publisert i eit tidsskrift til den vert gjort tilgjengeleg for alle.

Rognes meiner vi treng meir av den andre sorten, den såkalla gullversjonen av open tilgang. Til skilnad frå den første typen, inneber denne at artikkelen er tilgjengeleg i si endelege form, med ein gang, på tidsskrifta sine heimesider.

– Mange av dei som finansierer forsking krev no den første forma for open tilgang. Eg tykkjer vi må ta det eit steg lenger, seier Rognes.

I praksis inneberer gullversjonen som regel at forskarane betalar tidsskrifta for å gjere forskinga fritt tilgjengeleg, samstundes som forskaren held fram med å ha opphavsretten til eige arbeid. Dermed handlar ikkje open tilgang berre om fri lesing, men også om fri gjenbruk av artiklane.

Kunnskap for alle
Under «Open Access Week» på UiO, har Rognes denne veka delt sine erfaringar med andre forskarar og studentar, i håp om at fleire skal bli bitne av fri tilgang-basillen.

– Prinsippet er at når forsking er offentleg finansiert, så bør det også vere offentleg tilgjengeleg. I tillegg verkar det rart at vi som gjer forskinga skal gi vekk opphavsretten til forlaga, som så tener mykje pengar på vårt arbeid, seier han.

Tilhengjarane av open tilgang ser store moglegheiter. Forskarar i utviklingsland vert ikkje lenger stengt ute grunna dei høge kostnadane på tidsskrifta, og kan i større grad delta i den globale kunnskapsproduksjonen. Enkeltpersonar og næringsliv får tilgang til forsking og kan auke verdiskapinga, og forskarane slepp å vere pålogga institusjonane sine nett for å ha tilgang til forsking. 

Pengar framføre kvalitet
Sjølvsagt er det også nokre som kjenner lukta av raske pengar. Mange forskarar opplever å få invitasjonar til å publisere i tidsskrift som i beste fall er halvseriøse, og jungelen av publiseringskanalar har vakse seg tett og uoversiktleg.

LES OGSÅ: Dette er studentane sitt statsbudsjett

Somme av desse såkalla røvartidsskrifta er lette å avsløre, men der finst også døme på forskarar som har latt seg lure av tidsskrift som ikkje tek fagfellevurdering eller kvalitetssikring så veldig alvorleg.

Bibliotekaren Jeffrey Beall ved Universitetet i Colorado er blant dei som freistar å hjelpe forskarane med å finne fram i floraen av OA-tidsskrift. På denne sida freistar han å halde ei oppdatert liste over tvilsame tidsskrift.

Fryktar todeling av forsking
Det er ikkje berre røvartidsskrifta som kan dempe gleda til dei mest ihuga OA-entusiastane. Kritikarar av open tilgang, som professor ved det juridiske fakultet ved UiO, Olav Torvund, stiller til dømes spørsmål om det naudsynte ved at forskingspublikasjonar, av alle typar publikasjonar, skal vere gratis. Tidsskrifta vender seg først og fremst til ein elite, og ein treng som regel grundig førekunnskap for å kunne lese artiklane, skriv Torvund på sin blogg.

Kritikarane peikar også på økonomiske farar ved eit system der forskaren sjølv betalar for å gjere forskinga tilgjengeleg. Resultatet kan bli ei todeling, der forsking som er publisert utan institusjonell stønad eller frå låginntekstland, vert lese mindre enn forskinga som er fritt tilgjengeleg.

Fleire tidsskrift har ordningar for forskarar som ikkje har råd til å dekkje kostnadane. Likevel, Beall har publisert fleire epostar frå forskarar i låginntektsland, som dokumenterer hindringar dei møter når dei freistar å gjere forskinga si tilgjengeleg.

Rognes ved UiO meiner likevel større openheit er på frammarsj.

Delstaten California har nyleg lovfesta at offentleg finansiert forsking skal vere fritt tilgjengeleg. Her i Noreg har Forskingsrådet kome med ei tydeleg oppmoding til forskarar som mottek midlar frå rådet om å publisere med open tilgang. Rådet har også oppretta ei femårig støtteordning for open publisering.

UiO har fulgt opp med ei eiga ordning, der forskarar kan få tilbake utgifter knytt til publisering i tidsskrift med open tilgang. Det same har Universitetet i Bergen gjort.

– Dette er viktige steg i riktig retning, som kan løyse det økonomiske problemet for forskaren, seier Rognes.

LES OGSÅ: Rocketerapien

Faktaboks

Open Access tyder fri tilgang til fagfellevurdertforsking på nett.

Forskaren betalar tidsskriftet, som regel mellom 10. 000-20. 000 NOK for ein artikkel. Der finst andre betalingsløysingar og prisane varierer.

Tidsskriftet gjer artikkelen tilgjengeleg på nett, gratis og for alle.

Forskaren beheld opphavsretten til eige arbeid.

I tradisjonelle vitskaplege tidsskrift må forskaren anten overføre opphavsretten til utgjevaren, eller gi utgjevaren eksklusive rettar til å publisere arbeidet.

Forskaren betalar som regel berre når sidetalet er høgare enn ein standard.

Der finst også mange hybridtidsskrift, der forskaren kan kjøpe open tilgang for sine artiklar, ved å betale eit tillegg.