Krev å få tilbake siviltenesta

Kvar sjette søknad om fritak frå militærteneste blir i dag avslått.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at kvinneleg verneplikt blei vedtatt, vil Fredsrådet, OMOD, SU og Kvinneliga for fred og fridom ha siviltenesta tilbake.

I 2012 blei siviltenesta avskaffa, men det er framleis mogleg å søkje fritak for militærteneste dersom det strider mot eins «alvorlege overtyding». Dei siste åra har 83 av 545 søknader om fritak blitt avslått, skriv Ny Tid.

Med innføringa av verneplikt for kvinner, er det no enda fleire som risikerer å måtte gjennomføre ei militærteneste dei ikkje ønskjer å delta i.

– Dess meir allmenn verneplikta er, dess viktigare er det med eit sivilt alternativ til den. Det burde vere eit minimumskrav at dei kvinnene som ønskjer det, får velje førstegongstenesta bort til fordel for å arbeide med sivile oppgåver, noko som betre reflekterer verdiane deira og ønskelege samfunnsbidrag, seier leiar Hedda Langemyr i Norges Fredsråd.

Saman med Organisasjonen Mot Offentleg Diskriminering, Sosialistisk Ungdom og Kvinneliga for fred og fridom tar ho no til orde for å få tilbake siviltenesta.

Seniorrådgjevar Odd Jostein Sæter (KrF) i Stortingets forsvars- og utanrikskomité seier han ikkje var kjent med at 83 søknader om fritak er avslått sidan 2003. Han vil undersøkje praksisen.

– Det er jo eit problem dersom folk som av ulike grunnar ikkje kan avtene verneplikt, likevel blir pålagt dette, seier Sæter og peiker på at siviltenesta blei avskaffa fordi behovet for den i stor grad er borte. (©NPK)

LES OGSÅ: Jenter flest vil merke lite til kjønnsnøytral verneplikt