Eit kvarter med klokker og kameratskap
Klokka kvart over begynner dei fleste forelesingar. Kvifor er det eigentleg slik, og kva bruker studentane kvarteret før undervisning til?


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kva er eit akademisk kvarter?
Saka var først publisert i Studvest.
Forelesinga nærmar seg. Vi er midt i det akademiske kvarter, tida då ein i gamle dagar kanskje hadde vandra mot forelesing etter å ha blitt minna på om noverande tidspunkt av næraste kyrkje. I dag har studentane eigne klokker, men dei femten frie minutta består stadig. Kva er greia, eigentleg?
LES OGSÅ: Kvar fjerde student er einsam
Klokkeklang, kakkelomn og kunnskap
– I Sverige er teorien at det akademiske kvarter blei innført fordi studentane verken hadde klokker eller armbandsur. Dei høyrde kyrkjeklokkene og visste det var på tide å gå til forelesing, opplyser Gunnstein Akselberg.
Akselberg er professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studie ved Universitetet i Bergen (UiB), og forklarer bakgrunnen for det akademiske kvarter. Han fortel at denne tradisjonen går ein del hundreår tilbake i tid, og at det finst fleire teoriar på kvifor det akademiske kvarter blei innført. I Danmark blei kvarteret mellom anna brukt til å lufte ut av lokalet då det var varmt, og til å fyre opp kakkelomnen om vinteren. Desse årsakane var altså reint praktiske. I Tyskland blei dette kvarteret brukt til å repetere det forelesaren gjekk gjennom førre forelesing.
– Det er mest sannsynleg at det akademiske kvarter stammar frå Tyskland, seier Akselberg.
Akselberg nemner også ein nyare teori, som har grunnlag i dagens ofte store campusområde, og at det tar tid å flytte seg frå ein bygning til den neste. UiB-professoren Frank Aarebrot har same teori, og seier at studentane treng tid på å gå frå eit auditorium til det neste. Han trur det ville blitt veldig mange forstyrringar i undervisinga dersom dette kvarteret ikkje hadde eksistert.
– Det er jo forbanna praktisk, seier Aarebrot i kjent stil.
LES OGSÅ: – Bruker lite tid på rettskriving
– Berre fashionably late
Då Gunnstein Akselberg sjølv var student, brukte han tida før forelesing både til å finne og sikre sin faste plass i auditoriet og til å finne fram bøkene. Han brukte også tida på faglege ting, som å sjå gjennom notata sine. Professoren meiner det akademiske kvarter også hadde ein sosial funksjon då han var student.
– Nokon liker å gå tidleg for å få ein god plass, bekreftar noverande student Sunniva Ingholm, som sit på Studentsenteret ein tysdag morgon, midt i det akademiske kvarter.
Saman med ho er Andrea Sundbø og Øystein Sandve. Dei opplyser at dei pleier å forte seg til forelesing i minuttane før den startar. Øystein Sandve bruker å peise på sykkelen for å komme seg dit i tide. Dei to andre anklagar han spøkefullt for å ofte vere fem minutt for sein.
– Eg er berre fashionably late, svarar Sandve, i eit forsøk på å forsvare seg.
Desse studentane bekreftar Akselberg og Aarebrot sin nye teori om at transport er ein viktig del av det akademiske kvarter, også i dag. Likevel, sidan desse studentane har samla seg rundt kantinebordet denne morgonen, ser det ut til at også den sosiale funksjonen heller ikkje har utspelt si rolle, sjølv i ei verd der digitale klokker finst over alt.
LES OGSÅ: Jenter bruker meir tid på utsjånaden enn på lesing og lekser
Inga endring
Sjølv om studentar i dag har eigne klokker til disposisjon, og derfor også kan komme seg forelesing uavhengig av kyrkjeklokkene, meiner ikkje rektor på UiB, Dag Rune Olsen, at det er nødvendig å ta bort det akademiske kvarter.
– Vi har ingen umiddelbare planar om å endre starttidspunktet for forelesingane våre, seier Olsen.