Jenter bruker meir tid på utsjånaden enn på lesing og lekser

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Puppane er hovudproblemet

Jenter bruker mellom 30 og 60 minutt på badet kvar morgon for å gjera seg klare før skulen. I tillegg kjem mykje tid utover dagen. Det har forskar og sosiolog Sanna Sarromaa funne ut etter eit feltarbeid på norske bad og jenterom, skriv Aftenposten.

Forskaren har intervjua fem grupper av jenter, 20 i talet, og møtt dei i fleire omgangar frå i fjor vår for å undersøkja deira syn på kropp og skjønnheitsideal.

Jentene er «minst misnøgd» med ansiktet, medan puppane er «hovudproblemet», viser undersøkinga.

«Viss eg prøver å gløyma puppane og rumpa, er eg ganske pen» uttala ei jente på 15 år til forskaren.

LES OGSÅ: Den farlege kvardagskroppen

– Trist
– Det er slåande kor opptekne jentene er av puppene sine. Frå eit feministisk perspektiv er eg skremt og skuffa over det, seier Sanna Sarromaa, som er forskar og postdoktor ved Høgskolen på Lillehammer.

Resultata er meir triste enn veldig overraskande, oppsummerer forskaren.

– Fokuset på utsjånaden er så kraftig og timane dei brukar på det så mange at eg ikkje kan la vera å tenkja på kor annleis dei ville hatt det dersom dei hadde pleia hjernen like mykje som dei pleier ansikt og kropp.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

Brune arbeidarklassejenter
Forskaren har også sett på korleis jenter frå ulik sosial klasse har ulike syn på kva som er fint.

Jenter frå arbeidarklassebakgrunn er meir opptatt av å ta solarium, og har også eit noko anna syn på kva som er fint og sexy.

«BH skal ikkje synast, BH skal aldri synast!» uttala ei jente på 17 år frå ein middelklassefamilie til Sarromaa. Ei jente på 16 frå arbeidarklassebakgrunn uttalar samstundes at «Det kan vera stilig med ein svart bh og ein tynn, lys bluse på. Sexy.»

Kvifor trur du utsjånaden er så viktig for så mange, og særleg jenter?