Jodå. Du las rett. The Guardian skriv om forsøka, gjort ved Wake Forest Institute i North Carolina – der dei har laga ordentlege, fungerande penisar på kaniner.

Eit gjennombrot
Sjølv om det kan virka litt fnisete – å gro fram ein penis på eit laboratorium og setta den på ei kanin for å testa om den fungerer – er dette noko forskingsverda har venta lenge på. Det har trass alt ikkje vore mogleg å få til ein god erstatning for dei som mistar lemmet sitt i til døme ei ulukke eller gjennom operasjon.

Og no fungerer det – i testane gjort på 12 kaniner har alle dei framgrodde penisane gjort ein habil jobb på parringa, og fire enda i graviditet.

LES OGSÅ: Sex har aldri sett slik ut

Fem år
Håpet er å gå over til testar på menneskjer innan fem år – det er med andre ord ein god del som står igjen før dette blir dagleg kost.

– Forsøka på kaniner var veldig oppmuntrande, men for å få dette godkjend for menneskjer treng me mykje meir data på tryggleik og kvalitetssikring, sa professor Anthony Atala til The Guardian. Antala er direktør på instituttet.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

Slik fungerer det
Penisane blir grodd fram gjennom ei blanding av pasienten sine eigne celler frå det som er igjen av penisen. Så blir ein donorpenis, rensa for alle levande celler, brukt som ei form som den nye penisen får veksa seg inn i.

Sidan penisen er basert på pasienten sine eigne celler, er ikkje dette ein teknikk som kan brukast for kjønnsskifte, skriv The Guardian.

Det er heller ikkje spesifisert om dei lab-grodde penisane kan designast etter eige ønskje.

LES OGSÅ: Transformatoren

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE