Meir kvardagspupp

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først på trykk hos Studvest, studentavisa i Bergen.

Hin dagen var eg på trening, og då eg kom til dusjen skjedde noko uventa: Det var kø. Ein lang svett dusjkø. Eg vart heilt paff. Så mykje hud, så mykje pupp og lår. Eg seier det no, og eg meiner det: Ja til meir nakenskap, vi jenter treng meir nakenskap. Eller om ein brukar sidemål: Mer nakenhet, takk.

LES OGSÅ: Den farlege kvardagskroppen

Puppar i ulik størrelse
Av og til gløymer eg at det er like vanleg at puppar kjem i forskjellig størrelse, som i same. Kanskje dei henger litt, eller struttar i kvar si retning. Og at puppar aller helst kjem i selskap med celulittar og nokre strekkmerker her og der bør ikkje vere ein hemmelegheit. Og tenk! Det er framleis lov å ha kjønnshår.

LES OGSÅ: Jævla feministhore

Både jublar og griner
Feministen i meg både jublar og griner på ein gang. Jublar for at jenter flest framleis er menneskelege, uansett kor mange forstyrrande six-packar og korte treningshortsar Facebook viser. Griner fordi ei dugande realitetsorientering dessverre var nødvendig.

Det er jammen ikkje rart at jenter på min alder har eit forvridd syn på kropp når vi aldri ser kvardagskroppar! Eg har ikkje sett nakne kroppar i stor kvanta sidan vidaregåande. Det kan jo gjere kven som helst litt hjernevaska. Sjå på det som statistikk: Du skal sjå mange jenterumper, før du kan konkludere med kva som er den generelle tendensen. Så føkk reklamar, dameblad og veltrente skodespelarar. Det var på tide at eg fekk sjå eit skikkelig utval av levande jentekroppar.

LES OGSÅ: No er dei lei av sex-reklamar

Bollemage er regel, ikkje unntak
Herremin. Eg er 23 år, det er for tidleg å hive inn handklede: Eg og den urokkelege bollemagen min er ikkje unntaket, men regelen. Det var på tide at det gjekk opp for meg igjen. Ord som «trivselsvekt» må ut av ordforrådet; eg har ingenting å bortforklare. Hurra for jentekroppen! Den er hengslete og rund, boblete og tynn, fin og bulkete, rund og smekker, skeiv og fjong.

Meir dusjing i fellesskap, takk! Eg er ho som står i hjørnet og stirrar, du er velkomen til å stirre tilbake.

LES OGSÅ: Klitoris er toppen av eit isfjell