Kunststudentar dopar seg mest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved kunsthøgskulane i Oslo bruker opptil 8 prosent av studentane eit anna narkotisk stoff enn cannabis jamleg, viser ei ny gransking.

Talet kjem frå helse- og trivselsundersøkinga til studentane for 2014, og er henta frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Westerdals, Nordisk Institutt for Scene og Studio og Kunsthøgskolen i Oslo i tillegg til Kunsthøgskolen i Bergen, skriv Universitas.

6 til 8 prosent av studentane på desse skulane seier at dei har brukt minst eitt av dei andre narkotiske stoffa enn hasj og marihuana minst fem gonger gjennom det siste halvåret.

Ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo og Akershus oppgir høvesvis 4,9 prosent og 2,5 prosent det same.

Sturla Nordlund ved Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) er ikkje overraska over at kunststudentar brukar meir narkotika enn andre studentar.

– Det er eit klassisk tilfelle som ofte viser seg i liknande undersøkingar, seier han til studentavisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Her kan du teste om du er avhengig