Ein ung potetentusiast

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho byrja då ho var 16, og har i år plukka opp avlinga etter den femte sommaren som potetbonde. No er Turid Marie Lambach Fitjar attende på Øytun folkehøgskule i Alta som stipendiat.

Draumen er å verte bonde, etter studier ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås.

Heime på Fitjar har to dekar med sjølveigd mark, hardt arbeid og mykje hjelp frå familien enda med 6-7 tonn poteter – og ein snarveg forbi omfattande skjønnheitskrav.

LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter

– Kjøp av bonden
Lambach Fitjar dyrkar to typar poteter – tidlegsorten Berber og lagringssorten Kerrs Pink. Desse sel ho via den lokale SPAR-butikken og til restauranten Brygga 11 – eigd av Bocuse d’Or-vinnar Geir Skeie.

– I tillegg selte eg litt poteter til matteltet på Fitjarfestivalen, og litt i mi eiga salsbod på festivalen, seier den unge bonden.

– Burde fleire folk kjøpa rett frå bonden, framfor gjennom kjedene?

– Ja, absolutt! Hovudgrunnen er at dersom ein kjøper direkte frå matprodusent er det den som faktisk sit att med overskotet. Ikkje grossistar eller butikkeigarar.

LES OGSÅ: Suksess med uperfekt frukt

Importkritikk
I den siste tida har det vore ekstra mykje debatt rundt potetene, og spesielt skjønnheitskrava som ofte blir sett til desse. Dei skal helst ikkje ha rare utvekstar eller sår, og skal vera i ein viss storleik.

Sigrun Brustad Nilsen står bak Facebook-sida «Stygge poteter – ja takk!»

Sida, som har over 20 000 følgarar, argumenterer mot skjønnheitssortering av norske grønsaker, og Brustad Nilsen meiner importen dominerer for mykje.

– Rotgrønsaker trenger me strengt tatt ikkje å importera, men me gjer det likevel, seier ho.

Ho oppmodar forbrukarane til å velja varer som sikrar kortreist og berekraftig produksjon.

–Me må hugsa på kva for ein ressurs matjord er. Når Bama vel importpoteter, bidreg dei potensielt sett til å bygga ned norsk matproduksjon. Dette kan me ikkje tillata oss. Her har Listhaug og hennar politiske allierte eit stort ansvar, understrekar Brustad Nilsen til Framtida.no.

LES OGSÅ: 3 av 10 gulrøter er for stygge

PotetåkerFitjar

Frå potetåkeren på Fitjar. Foto: Privat

Forbrukaren set krava
Lambach Fitjar er kritisk til Bama sine skjønnheitskrav til potetene. Desse er laga for at norske poteter skal kunne konkurrera, og helst utkonkurrera, dei importerte og meir billedskjønne potetene frå til dømes Frankrike.

– Krava som Bama set til potetene, at dei nærmast skal sjå ut som egg og vera på millimetermål like store, støttar eg ikkje. I ei verd med matmangel er det fælt at me i Noreg må importera utanlandske poteter fordi våre eigne ikkje er gode nok, seier potetbonden, og legg til:

– Men eg vil ikkje berre blankt kritisera Bama. Det er jo den norske forbrukaren som set mange av desse krava. Sjølv som småskalaprodusent på Fitjar merkar me dette.

LES OGSÅ: Potetlandskampen har starta

Smotthol
Desse krava lyt og Lambach Fitjar tilpassa seg til.

– Tidlegsorten vår, Berber, har eit svinn på 15-20 prosent hos oss. Dette er ein god sort som gir lite missformingar, men det største problemet er solbrentheit og storleiksskilnader. Me kan ikkje selja poteter i veldig ulike storleiker i same pose, seier bonden.

Likevel finn ho ein veg rundt krava.

– Dette har me løyst med å sortera ut dei minste potetene som «Tapaspoteter» og dei største som «Bakepoteter». Me har vaska dei, pakka dei og solgt dei saman oppskrifter på tapasretter og for korleis ein bakar ei potet. Her har altså litt kreativitet gitt oss ein betre kilopris for potetene i "feil" storleik enn for vanlege matpoteter, seier Lambach Fitjar nøgd.

LES OGSÅ: Desse smakane må alle kunna

Utsjånaden er ikkje alt
Lambach Fitjar er sjølv med i Facebook-gruppa «Stygge poteter – ja takk», som på litt over ei veke har fått rundt 20.000 følgjarar. Ho seier det er gøy å sjå at engasjementet rundt saka er så stort.

– Men det er i butikken kvar einskild forbrukar kan utgjera ein skilnad, det må ein ikkje gløyma.

Ho seier at utsjånaden ikkje betyr så mykje for potetene – men noko bør du likevel sjå etter.

– Poteter med morosame formar, utvekstar eller liknande er eigentleg gode matpoteter. Poteter som er solbrent, altså grøne, er ikkje matpoteter. Ei heller blaute poteter.

Odelsjenta
Turid Marie Lambach Fitjar bryr seg om det ho driv med, og engasjerer seg i kortreist mat. Spørsmålet ho svarar mest entusiastisk på, er om kva ho vil gjera i framtida.

– Har du ambisjonar om å bli bonde?

– Ja! Eg er odelsjenta, så planen er å ta over garden heime etter studiar på NMBU på Ås. Eg drøymer om gardsutsal med poteter og andre grønsaker i framtida.

LES OGSÅ: Vakrare mat har ein giftig pris