Vakrare mat har ein giftig pris

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lina Hamre er kommunikasjonsrådgjevar i Norsk Landbrukssamvirke med heimesida Landbruk.no der kronikken først vart publisert. Den har og vore publisert hos Bergens Tidende.

Gjer ikkje som Snøkvit og lat deg lura av det finaste eplet i korga. Det er det innvendige som betyr noko.

Salet av den franske importpoteta Amandine er tredobla i løpet av dei fem siste åra. Forbrukarane styrer potetutviklinga, for dei viser både i undersøkingar og handling kva dei ynskjer, seier Bama. Med mål om å møta nordmenns potetpreferansar innfører dei difor strengare «skjønnheitskrav» til den norske poteta.

Problemet er berre at krava fører til at fleire potetbønder får opp mot halvparten av avlinga si vraka. Desse potetene blir nytta til sprit, potetmjøl eller dyrefôr, men bøndene får ein langt lågare pris for dei.

LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter

Franskmennene fuskar
Den mest utbreidde potetsorten i Noreg heiter Asterix. Det ligg i namnet at eleganse og jamn form ikkje er nøkkeleigenskapar ved denne sorten. Amandine er derimot nydeleg av natur, men franskmennene har fuska litt for at dei skal halda seg nydelege også inn i alderdomen. Etter innhaustinga tilset dei eit såkalla antigroingsmiddel som hindrar at poteta spirer. Slike antigroingsmiddel er ikkje tillate på norske matpoteter.

Det nyaste innan potetas kosmetiske verd er at det på kontinentet blir bygd potetlager med eigne kjemikalieanlegg. Gartnarhallen, Noregs største produsentorganisasjon for frukt, bær, grønsaker og potet, fylgjer godt med på den europeiske utviklinga, men ynskjer ikkje å ta norske poteter i same retning. I staden forskar dei på andre måtar norsk potet kan bevara kvaliteten gjennom ei lang lagringstid.  

Kan det verkeleg vera slik at den norske forbrukaren trur ein rund lauk gjer lauksuppa betre enn ein skakk lauk? At potetstappa blir betre med søte Amandine framfor skurvete Asterix? Tvilsamt. Spørsmålet er heller: Har nordmenn eigentleg har fått moglegheita til å omfamna uheldig utsjåande frukt og grønsaker?

LES OGSÅ: Potetlandskampen har starta

Dei groteske epla
Ikkje på same måte som franskmennene iallfall: Intermarché, den tredje største daglegvarekjeda i Frankrike, lanserte i år ein kampanje for å få seld frukt og grønsaker som normalt ville blitt avvist. Til 30 prosent billigare pris presenterte Intermarché mellom anna dei groteske epla og dei latterlege potetene for det franske folket. Resultatet var at kvar butikk i gjennomsnitt selde 1,2 tonn av denne frukta dei to fyrste dagane. I løpet av kort tid var butikkane utselde.

Ville eit liknande tiltak fungert bra i Noreg? Her til lands kastar kvar av oss gjennomsnittleg 46,3 kilo matvarer årleg, og me kastar stadig meir frukt og grønt. Dette kan tyda på at billigsal av frukt og grønt med skavankar ikkje nødvendigvis ville redusert matkastinga i hushalda våre. Samstundes viser engasjementet i kjølvatnet av dei nye potetkrava til Bama at mange forbrukarar vil velja uheldig frukt og grønt dersom dei fekk moglegheita til det.

Overvektige eple, eple med arr eller eple som har fått seg ein blåveis er ikkje gode nok for dei norske matkjedene. Men av blåveiseple kan ein laga saft eller sider, produkt som oppnår stadig større suksess på marknaden. Fruktbøndene får ei grei betaling for denne delen av avlinga og lite vert kasta. Men langt frå all frukt og grønt kan pressast, syltast eller tørkast til eit velsmakande produkt. Saft av raudlauk vil til dømes aldri bli ein slager, og ordninga til Intermarché kunne såleis vore redninga til mang ein uperfekt raudlauk.

LES OGSÅ: Suksess med uperfekt frukt

Det er ikkje gull alt som glimar
Norsk produksjon av frukt og grønt held ein mattryggleik som mange konkurrerande land ikkje skilta med. Dei siste tiåra har det vore eit stort fokus på å redusera bruken av plantevernmidlar i Noreg, og me brukar i dag minst sprøytemiddel i Europa. Resultatet er at ein finn langt færre produkt med restmengder av plantevernmidlar i norske enn i importerte grøntprodukt.

Eit norsk Aromaeple som er hausta til rett tid kan gjerne halda seg godt i nokre månader, men undervegs vil det mista nokre eigenskapar. Fruktkjøtet vert til dømes meir mjølent. Til samanlikning kan mange europeiske eple halda seg i eit heilt år utan å rotna! Produsentane tilset ein såkalla etylenhemmar etter innhaustinga, noko som sakkar modningsprosessen. I Noreg er det stor semje om at me må vera restriktive i bruken på slike middel. Det er trass alt eit sunnheitsteikn at frukt rotnar.

Når det vert sett krav til perfeksjon til og med hos det som vert hausta ned frå trea og opp av åkeren lagar det ringverknader bakover i matkjeda. Det får store økonomiske konsekvensar for bonden som opplever at store delar av avlinga blir vraka fordi produkta ikkje er vakre nok.

LES OGSÅ:Med bismak av klimagass

Kan svekkja mattryggleiken
Våre eplerankar har kanskje nokre skavankar, men dersom norsk frukt og grønt skal bli flottare for auga kan det svekka mattryggleiken vår. Den billigaste og enklaste måten å fiksa utsjånad på er å tillata meir sprøytemiddel i produksjonen. Det ynskjer korkje bøndene eller forbrukarane, difor er det på høg tid at ”stygg” frukt og grønt hamnar i hyllene til norske matkjeder!

LES OGSÅ: Ein ung potetentusiast