Sjukestipend for studentar blir utvida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjukestipend blir utvida

Når forslag til statsbudsjett vert lagt fram 8. oktober har regjeringa ein liten velferdsgodbit å by studentar. I dag er reglane slik at viss du tek imot sjukepengar frå Nav har du ikkje rett på det som heiter sjukestipend frå Lånekassen. Dette vil dei endre på, skriv Uniforum.

Meir like rettar
– Det er svært mange studentar som jobbar deltid i dag. Det synest urimeleg at studentar som er sjuke og har ein jobb, og dermed får sjukepengar, ikkje har same rettar overfor Lånekassen som studentar som ikkje har deltidsjobb, seier stortingsrepresentant Henrik Asheim frå Høgre til Khrono, den uavhengige nettavisa ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Regjeringa foreslår å gjere det mogleg å kombinere sjukepengar frå folketrygda med sjukestipend frå Lånekassen, seier Asheim.

Forslaget går ut på at studentar som får sjukepengar frå Nav ikkje vil få fullt sjukestipend, men at sjukestipendet vil bli avstemt opp mot beløpet studenten tek imot av sjukepengar frå Nav.

Fleire vil få sjukestipend
– Forslaget inneber at studentane kan kombinere sjukepengar frå folketrygda med sjukestipend frå Lånekassen, slik at sjukestipendbeløpet vil bli redusert tilsvarande beløpet som vert utbetalt frå folketrygda.

I dag er det om lag 1.500 studentar som får omgjort delar av lånet sitt til det som heiter sjukestipend. Du har krav på dette dersom du er over 50 prosent sjukmeldt. Ein har to vekers karenstid og kan maksimalt få sjukestipend fire månader i året. For kronisk sjuke og andre tilsvarande grupper gjeld eigne reglar i Lånekassen.

Med regelendringa kan truleg 1.750 fleire studentar få sjukestipend.

– I 2016 har vi berekna ekstrakostnaden for staten på 12,7 millionar kroner, seier Henrik Asheim. (©NPK)