Med bismak av klimagass

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kanskje startar du dagen med knasande Kelloggs cornflakes til frukost og ein varm kopp Lipton-te. Utover dagen tek du deg kanskje ein slurk Fanta, Coca Cola eller Burn, eller unnar deg litt melkesjokolade frå Freia. Nokre av oss likar også å kose oss med iskrem frå Ben & Jerry’s, etter middag sjølvsagt. Kva med pasta, suppe eller saus frå Knorr, eller taco frå Old El Paso?

Produkta har éin ting til felles: Dei er alle eigd av eitt av dei store mat- og drikkevarekonserna i verda. Bak mykje av kvardagsforbruket vårt står ti gigantar: Nestlé, Coca Cola, Mondelez, Unilever, Kellogg, Mars, Pepsico, Danone, General Mills og British Associated Foods.

På ei vanleg handlerunde i norske daglegvarebutikkar kjem ein vanskeleg utanom desse konserna. I tillegg har Oljefondet plassert mange titalls milliardar i Nestlé. Det kan gjere funna til den internasjonale humanitære organisasjonen Oxfam interessante.

I mai presenterte organisasjonen rapporten «Standing on the sidelines». Der vert det hevda at ‘dei ti store’ til saman står bak større utslepp enn alle dei nordiske landa. Sett under eitt, ville desse konserna blitt rangert som det 25. mest forureinande landet i verda.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet

Utslepp frå jordbruk og avskoging
I rapporten hevdar Oxfam at dei ti store ikkje strekk seg langt nok i å kutte utslepp av klimagassar, frå leverandør til ferdige produkt. Dette er eit paradoks, meiner organisasjonen, fordi klimaendringane også vil ramme selskapa.

«Dei fattigaste og mest sårbare menneska vil bli ramma først og hardast. Men vi vil alle bli påverka. I store marknadar som USA og England, kalkulerer Oxfam at klimaendringar vil drive opp prisane på produkt som General Mill’s Kix frukostblanding eller Kellogg Corn Flakes med opptil 44 prosent dei neste 15 åra» heiter det i rapporten. Prisauken skuldast stigande prisar på råvarar som ris og mais, som kan verte dobla innan 2030, med klimaendringar som årsak til kring halvparten av prisauken.

LES OGSÅ: Veit me nok til å forlata oljen?

Sjølv om dei største utsleppa kjem frå dei fossile industriane, tek jordbruk og avskoging ein solid bit av kaka. Ifølgje FNs klimapanel (IPCC) er dei kjelde til 25 prosent av dei globale utsleppa av klimagassar. Samstundes varslar panelet om at klimaendringane vil legge press på matvareproduksjonen i verda.

For at vi skal kunne halde oss innanfor to graders temperaturauke, må utsleppa frå jordbruk og avskoging stoppe heilt innan 2050, ifølgje Oxfam. Førebels går det motsatt veg, med aukande utslepp som følgje av større etterspurnad etter mat. Oxfam peikar difor ut mat- og drikkevarekonserna som særs viktige aktørar i kampen mot klimaendringer – så langt har dei ikkje synt seg oppgåva verdig, hevdar organisasjonen.

Blir eit viktigare spørsmål
Særleg Kellogg og General Mills får kraftig kritikk i rapporten. Bodskapen er tydeleg: «Sektoren har både eit moralsk ansvar og eit næringsansvar for å trappe opp innsatsen i møte med klimaendringar».

Oxfam ber mat- og drikkevarekonserna om å setje seg tydelege mål for kutt av utslepp gjennom heile forsyningskjeda, setje i verk tiltak mot avskoging, og utvide desse til andre varekjeder enn palmeolje, samt å ta sin plass i klimadebatten.

Somme av selskapa har svara med å peike på at dei allereie tek ansvar for sine utslepp. Kellogg har mellom anna sagt at dei arbeider for å redusere utsleppa av drivhusgassar, samt forbruket av energi og vatn i sine produksjonsanlegg, med 15 til 20 prosent innan 2015. General Mills har svara at selskapet er aktivt engasjert i å påverke klimapolitikk positivt og at dei har teke grep for å redusere drivhusgassutslepp i sin produksjon i mange år.

Nestlé kjem noko betre ut i Oxfam-rapporten, men får likevel kritikk på fleire punkt. Selskapet er den største aksjeinvesteringa til Statens Pensjonfond Utland (Oljefondet). Ved inngangen av året hadde fondet aksjar i selskapet for kring 39 milliardar kroner. Det er over 10 milliardar meir enn det neste selskapet på lista, som er Shell, ifølgje Dagens Næringsliv.

Under klimatoppmøtet i New York, kunngjorde Nestléat dei støtta koalisjonen «Caring for Climate» – FNs generalsekretær Ban Ki-moons initiativ for å styrkje næringslivets rolle i møte med klimaendringar.

– Caring for Climate-initiativet er heilt på linje med våre eigne forpliktingar, som reflekterer vår respekt for samfunnet vi driv innanfor, respekt for miljøet, og respekt for framtidige generasjonar, sa José Lopez, visepresident og ‘head of operations’ i Nestlé, i ein tale under klimatoppmøtet i New York.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte i dag

Selskapa som tek del i koalisjonen forpliktar seg mellom anna til å stryke energieffektiviteten, og redusere utslepp av klimagassar frå produkt, tenester og prosessar.

– Ein kan ikkje drive forretningsverksemd i dag utan at ein tek klimautfordringa svært alvorleg, seier Peter Svensson, nordisk leiar i Nestlé på heimesidene til selskapet.

Nestlé vert også lista som eit av dei leiande selskapa innan berekraft i den internasjonale undersøkinga «The 2014 Sustainability Leaders». Der har 887 ekspertar på berekraft rangert selskap etter kor mykje leiing dei tek på veg mot berekraftig omstilling. Selskapet Unilever er rangert øverst, for fjerde år på rad.

Ei svakheit med rangeringa er at store, kjende merkenamn vert oftare nemnt og dermed kjem betre ut enn mindre, meir ukjende aktørar. Det er altså mange selskap som kan vere meir leiande på berekraft, men som ikkje er inkludert i rangeringa. Og sjølv om Unilever og Nestlé kjem relativt godt ut, etterlyser også aktørane bak denne rangeringa meir handling: Verkeleg leiarskap er framleis mangelvare, både hos selskap og myndigheiter, heiter det i rapporten frå Globescan og SustainAbility.

Fryktar papirtiger
Leiar i Changemaker, Hanne Sofie Lindahl, er førebels ikkje så imponert over innsatsen til selskapa.

– Vi ser generelt ingen enorme endringar i bransjen. Samstundes er Nestlé eit godt døme på at det er mogleg å presse store selskap til å ta meir ansvar. Fokuset på regnskogbevaring som Nestlé syner no, må til dømes sjåast som svar på ein stor kampanje mot selskapet sin bruk av palmeolje for nokre år sidan, skriv Lindahl i ein epost.

Ho meiner det er synd at slike endringar ofte kjem som respons på massive forbrukarkampanjer, og ikkje frå selskapa sjølv.

– «Caring for Climate» kan i beste fall vere ein god arena for å skape og samkøyre slike initiativ, men i verste fall ein papirtiger som kan hindre reell endring. Vi støttar altså i høgste grad initiativet, men ønskjer oss konkret rapportering og samanlikning av resultata, seier Lindahl.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist

Changemaker-leiaren spår at klimakonsekvensar av selskap si verksemd vil bli eit stadig viktigare spørsmål. Ho meiner ikkje at Nestlés verksemd er i strid med retningslinjene slik dei er for Oljefondet i dag.

– Diverre tek ikkje retningslinjene høgde for selskap og industriane sine klimautslepp, sjølv om det er noko dei burde gjere i større grad.

– Kva må selskapa gjere for å ta sitt ansvar på alvor?

– I tillegg til å delta i internasjonale initiativ som set fokus på berekraftige og klimavenlege tiltak på eit overordna plan, må selskapa kome på offensiven med klare krav til underleverandørar. Dei store selskapa kan også samarbeide om lovgjeving som gjer det enkelt å prioritere berekraftige og klimavenlege løysingar, og samstundes ikkje gir ulike konkuransefortrinn. Oxfam meiner det er realistisk at dei ti største selskapa kan kutte sine klimagassutslepp med 80 millionar tonn innan 2020. Changemaker meiner at selskapa bør forplikte seg i mykje større grad enn kva dei gjer no for å nå dette målet, avsluttar Lindahl.

LES OGSÅ: Det grøne skiftet er i gang 

Faktaboks

Nokre av funna i Oxfam-rapporten:

• Størsteparten av utsleppa til selskapa kjem frå produksjonen av råmateriale, som tilsvarar utsleppa frå 40 kullkraftverk. Sjølv om alle selskapa har mål for å redusere sine utslepp, dekkjer dei ikkje indirekte utslepp i forsyningskjedene, som frå jordbruksproduksjon.
• Selskapa anerkjenner at dei må redusere sine utslepp frå jordbruk, og sju av dei (ikkje Kellogg, General Mills eller Associated British Food), måler og rapporterer desse utsleppa. Dei fleste selskapa oppgir samstundes ikkje kven av leverandørane deira som står for dei største utsleppa, og ingen av selskapa har forplikta seg til konkrete mål for å redusere dei totale utsleppa frå jordbruket. Dei har heller ikkje stilt krav til at leverandørane må setje seg mål for utsleppsreduksjon.
• Dei fleste av selskapa har no forplikta seg til null avskoging i forsyningskjedene for palmeolje, men mange av dei manglar robuste og transparente planar for implementering. Dessutan har berre nokre få av dei utvida politikken til å gjelde andre sentrale råvarer.
• Selskapa er i stor grad stille tilskodarar i klimadebattane, trass i at dei brukar millionar av dollar på lobbyverksemd årleg.