Det grøne skiftet er i gang

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FNs klimapanel har slått fast at to tredjedelar av dei fossile reservane må ligge i bakken. Tyskland har starta si omstilling med «die Energiewende». Den private marknaden for solenergi er i vekst, og fornybar energi utgjer ein stadig større del av den globale kraftforsyninga. Stadig fleire snakkar om eit grønt skifte, der bygningar, livsstil, transport og jobbar er grønare.

Framtida.no vil i ei satsing framover utforske ulike sider ved lågutsleppssamfunnet Noreg.

– Skiftet er allereie i gang

Hege Økland er leiar i Maritime Clean Tech West, ei næringsklynge som arbeider for å utvikle og demonstrere ny og eksisterande teknologi, med mål om å redusere miljøskadelege utslepp. Ho meiner omstillinga til eit lågutsleppssamfunn allereie er i gong.

–Det grøne skiftet er absolutt i gang. Det ser vi mellom anna i transportsektoren, med den raske utviklinga som skjer innan batteriteknologi og inntoget av elbilen. Auka politisk merksemd og strengare regelverk kombinert med gode insentivordningar, har gitt auka fokus på grøn teknologi og energioptimalisering, også i vår sektor.

Då Økland var på oljemessa ONS nyleg var det også eit heilt anna fokus på fornybar energi enn tidlegare år, fortel ho.

Næringslivsleiaren trur dei nye grøne arbeidsplassane i stor grad må byggje på dei jobbane som finst i dag.

– All omstilling byggjer på erfaring og kunnskap. At grøne jobbar brått skal segle inn frå venstre har eg ikkje tru på. Dei vil byggje på dei sektorane vi har i dag, seier Økland, som trur jobbane vil kome frå både eit gradvis skifte mot fornybar energi og frå heilt ny innovasjon, innan til dømes energilagringsteknologiar.

LES OGSÅ: I tåkeheimen – reisebrev frå ONS

Ser allereie gevinstane

Maritime Clean Tech West har til dømes prøvd ut ny teknologi som batteripakkar i maritim sektor. Ferjer og hurtigbåtar vert lada opp med vasskraft når dei ligg til kai, og varer og passasjerar kan verte transportert utan utslepp. Nettverket har også prøvd ut batteri i kombinasjon med dieselmotorar, der batteria forsyner båtane med ekstra energi når det trengs og båtane brukar mindre energi totalt. Resultatet er grønare transport og grønare arbeidsplassar.

Økland meiner det er avgjerande at industri og næringsliv er med på laget. Og då må bedriftene sjå eiga nytte og innovasjonsmoglegheiter.

– I vår bransje, den maritime, ser vi allereie dei direkte økonomiske effektane i form av sparte drivstoffkostnader. I tillegg til økonomisk gevinst, ser vi at miljøteknologi gjer bedriftene mindre risikoutsett for svingingar i tilbodet av fossilt drivstoff, etter kvart som dei gjer nytte av fleire energikjelder, seier Økland.

Sjølv om Økland ser eit grønt skifte, strekar ho under at den teknologiske utviklinga kostar.

– Bedriftene må vere sikre på at marknaden etterspør dei miljøvenlege løysingane. Her kan politikarane gjere mykje, gjennom reguleringar og støtteordningar. Men det offentlege kan også gjere mykje som innkjøpar og eigar, seier leiaren.

Ho etterlyser meir krevjande kundar.

– Industrien ønskjer å bli stilt krav til. Det fungerte for oljeindustrien, men vi opplever at kundane ofte er lite krevjande når det kjem til miljøteknologi. Dei politiske visjonane er store, men andelen miljøteknologi som vert kjøpt inn av det offentlege er forsvinnande liten. Også som direkte eigar kan staten gjere meir. Vi har til dømes fleire gongar oppmoda Statoil til å ha eit sterkare fokus på miljø når dei tingar logistikktenester offshore. Sjølv om Statoil har vorte flinkare, er vegen framleis lang.

I tillegg er Økland oppteken av at regelverket må vere føreseieleg.

– Dersom det vert førespegla at NOx-reglar vil verte innført, så er industrien avhengig av at det vert gjennomført for at ein skal kunne satse, seier ho.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!