Forskningsetisk rapport utfordrar NTNU.

Ingrid Vik Bakken, Dusken.no
Ingrid Vik Bakken, Dusken.no

 Det er problematisk dersom petroleumsforskinga i sum er så omfattande at den forsinkar ei omstilling til fornybare energikjelder, seier etikkprofessor Rune Nydal.

Ein ny rapport peikar på at universiteta har eit særskilt samfunnsoppdrag, og kritiserer norske universitet for mangel på miljødebatt.

I arbeidet med rapporten bad Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (Nent) utdanningsinstitusjonane om å gjere greie for omfanget av petroleumsforsking. I tillegg spurte dei om kva etiske vurderingar som låg føre forskingsprogramma. Rune Nydal, Nent-medlem og professor i etikk, vart bekymra over svara frå NTNU.

– Det er slåande at ein argumenterer langs tradisjonelle argumentasjonslinjer, slik som at «verdas energibehov aukar, og vi har eit ansvar for å møte dette behovet». Dette argumentet peikar ikkje mot omstilling, seier han.

Særskilt samfunnsoppdrag
Utgangspunktet for rapporten er eit faktum alle er einige om: Skal vi nå FNs klimamål og begrense global oppvarming, må fossile energikjelder erstattast med fornybare. Helst skal det skje ganske fort, og i den forbindelse etterlyser Nent større refleksjon ved universiteta.

– Energiomstilling er i dag noko vi bør og må gjennomføre. Korleis bidreg universiteta til denne utviklinga? Å verke konserverande i denne samanhengen er uetisk, seier Nydal.

Han understrekar at Nent ikkje sit med svara på kor mykje petroleumsforsking som er uforsvarleg. Det er nettopp debatten denne utsegna etterlyser, og universiteta har eit særleg ansvar for å svare.

– Det er problematisk dersom petroleumsforskinga i sum er så omfattande at den forsinkar ei omstilling til fornybare energikjelder. Universiteta har eit særskilt samfunnsoppdrag, og må pushe denne debatten.

«Vi må ikkje kome i ein pressituasjon der kortsiktige og uhensiktsmessige løysingar må veljast.» – Olav Bjarte Fosso, leiar for satsingsområdet energi ved NTNU

Han er klar på at uttalelsen utfordrar NTNU.

– Ein slik rapport krev eit svar. Det er ein test på kva som står seg som argument. Og det er ein test på kor ivrige vi er på å utfordre dei konvensjonelle argumenta.

Etterlyser debatt
«Nent finner det slående at universitetene ikke i større grad reflekterer over egen mulige konserverende rolle gjennom sitt samarbeid med petroleumsnæringen», heiter det i rapporten. Debatten ser likevel ikkje ut til å ta heilt av ved NTNU.

Rektor ved NTNU Gunnar Bovim melder at han ikkje har tid til å svare på spørsmål om rapporten. Han viser til Olav Bjarte Fosso, leiar for satsingsområdet energi ved NTNU. Fosso er kjent med Nent-rapporten og helsar debatten velkomen, men meiner det er ei kompleks problemstilling vi står føre.

– Det er uklart om ei ensidig norsk reduksjon av petroleumsforsking- og utvinning vil bidra til reduserte klimautslepp. Det kan hende at klimautsleppa heller vil auke, fordi alternativa kan vere meir ureinande, seier han.

«Det er fint at Bovim er villig til å høyre på oss, men det vi vil ha er handling. Og det viser han ingen vilje til.» – Vegard Bilsbak, Fossilfrie Penger Trondheim

Fosso seier NTNU satsar på både fornybar energi og petroleumsforsking. Han er einig i at vi bør intesivere overgangen til fornybare kjelder, men meiner fossilt brensel må ha ei viktig rolle i ein overgangsperiode. Dette fordi stabilitet er eit nøkkelord i energipolitikken.

– Vi må ikkje kome i ein pressituasjon der kortsiktige og uhensiktsmessige løysingar må veljast. Noreg er ein meir forutsigbar petroleumsleverandør enn andre. Dette kan verke stabiliserande, og i ekstreme tilfeller til og med fredsbevarande, seier han, med henvisning til uroen i Russland og Ukraina.

Klar tale frå studentane
– Slik eg ser det er det veldig enkelt: 60-80 prosent av det me har funne må liggje igjen for at me skal nå togradersmålet. Kvifor i all verda skal då NTNU forske på korleis me skal finne meir og korleis me skal få meir ut av reservoara? Det seier Vegard Bilsbak, ein av pådrivarane bak «Fossilfrie Penger Trondheim».

Dei har hittil samla over 600 underskrifter i kampanjen som tek til orde for at NTNU og SiT, i tillegg til Trondheim kommune, skal trekkje pengane sine ut av fond som er investert i fossilenergi. Hovudbodskapen er «det er galt å profittere på å rasere klimaet».

– Å reinvestere i grøne aksjar er ein god moglegheit for NTNU til å følgje opp visjonen sin og gå i front for å få i gang den endringa alle veit at vi treng.

Gruppa har sendt rektor brev, og fått til svar at han er glad for at dei tek opp problemstillinga. Gruppa er likevelel lite nøgd med svaret.

– Det er fint at Bovim er villig til å høyre på oss, men det vi vil ha er handling. Og det viser han ingen vilje til.

Dei unge aktivistane etterlyser større engasjement også blant dei tilsette ved NTNU.

– Generelt er eg redd veldig mange er politisk korrekte og stiller seg bak NTNU si offisielle line uten å laga mykje bråk, av typen «det er viktig å forska på mange ulike ting, verda treng framleis rein, norsk olje og gass».

Forskingsmidlar fristar
Førsteamanuensis ved institutt for teknisk kybernetikk, Trond Andresen, har følgjande svar på kvifor NTNU-tilsette ikkje stikk hovudet fram:

– Eg trur det er vanskeleg å uttale seg i saker som angår petroleum, fordi ein er redd for å gå glipp av framtidige forskingsmidlar og prosjekt. Ikkje eingong Statoil sitt omstridte oljesandprosjekt i Canada har fått kritikk ved NTNU.

Samtidig trur Andresen at teknologane tykkje det er fagleg interessant å takle alle dei tekniske utfordringane som petroleumsverksemda gir. Han meiner at vi må tilbake til 1970-talet for å finne ei hending der NTNU betydde noko for samfunnsdebatten. Då dreidde det seg om korvidt Noreg skulle satse på kjernekraft eller ikkje.

– I 1979 stemte Professorrådet, som den gong tilsvarte NTNU-styret, for å fråråde ei satsing på kjernekraft. Det trur eg var tunga på vektskåla for at ein i Noreg valte vekk atomenergi.

Tidlegare professor i fysikk ved NTNU Helge Redvald Skullerud støttar Fossilfrikampanjen på økonomisk grunnlag.

– Fossilenergi er på veg ut. Derfor bør ein selje seg ut så fort som muleg, så kan nokon andre ta tapet.

Sjøv om Skullerud ynskjer petroleumsdebatten velkomen, har han liten tru på at NTNU kan utgjere nokon skilnad.

– Noreg er ei sinke i klassen. Det har lite å seie om NTNU går foran. Statoil har sabotert alle forsøk på alternativ energi og motarbeider ethvert initativ. Det einaste som kan slå ut fossilenergi er at fornybare energikjelder klarer å utkonkurrere dei prismessig.

Saka var først publisert i Dusken.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE