Fekk nynorsken likevel

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eli Bjørhusdal skulle levera inn doktoravhandlinga si om norsk språkpolitikk til trykkeriet, då ho – treffande nok – fekk beskjed om at ho berre kunne ha omslaget på bokmål eller engelsk. Hovudproblemet var at ho ikkje fekk nytta nynorsk-versjonen av namnet på institusjonen sin – Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Oslo.

Bjørhusdal, som ikkje berre skreiv avhandlinga om språkpolitikk, men som og har vore nestleiar i både Mållaget og Målungdommen, aksepterte sjølvsagt ikkje dette.

LES OGSÅ: Fekk beskjed om bokmål eller engelsk

Vann fram
No skriv UniForum, som først hadde saka, at Bjørhusdal vann fram med klagen sin. For ti dagar sidan disputerte ho avhandlinga si – med omslaget på nynorsk.

Bjørhusdal sjølv seier til Uniforum at ho er glad, og at saka handlar om meir enn berre ein detalj.

– Det er likevel slik at den språklovgjevinga som gjev nynorsk offisiell status, er summen av alle slike detaljar. Difor er slike saker viktige, seier ho til Uniforum. Ho påpeiker og at om ikkje ho, som skriv ei avhandling om den offentlege forvaltinga av nynorsk og bokmål, skal reagera –  kven skal gjera det då?

LES OGSÅ: Nynorsken tapte i Sandnes