Fekk beskjed om bokmål eller engelsk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Beskjed: Bokmål eller engelsk

Uniforum skriv om Eli Bjørhusdal, som skulle levera doktoravhandlinga si til trykk hos Akademika forlag. Doktoravhandlinga «Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885-2005» vart skriven på nynorsk, og Bjørhusdal ønskte og at omslaget, med institusjonsnamnet, skulle vera på nynorsk.

Då fekk ho beskjed om at avtalen med Universitetet i Oslo var slik: Omslag kjem anten på engelsk eller bokmål

LES OGSÅ: Reagerer sterkt på sidemålsforslaget

Klar konklusjon
Bjørhusdal leverte avhandlinga si med omslag på bokmål, då ho hadde dårleg tid. I etterkant har saka blitt undersøkt av Avdeling for fagstøtte ved UiO, skriv Uniforum. Då var konklusjonen klar.

– Det kan ikkje forlaget gjera. Også omslagsark skal ha faste malar i både nynorsk- og bokmålsversjon, i tillegg til engelsk, seier Kristin Fossum Stene i Avdeling for fagstøtte til Uniforum.

Viktig detalj
Bjørhusdal sjølv kallar saka ein detalj, men ein viktig detalj. Ho påpeiker for Uniforum at det er summen av desse detaljane som gir nynorsken offisiell status.

No har UiO vore i kontakt med Akademika forlag, og det har blitt levert nye malar på både nynorsk, bokmål og engelsk.

LES OGSÅ: Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet