Vil lokke studentar til «riktige studiar»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny rapport frå OECD syner at det er eit stort gap mellom norske studentars studieval og samfunnets behov. I rapporten vert gradert studiestøtte foreslått som ei løysing på problemet, skriv Studvest.

Ifølgje studentavisa vil forslaget innebere at studentar som vel studiar samfunnet og næringslivet har behov for, vil få meir i stipend eller eit differansiert lån.

LES OGSÅ: OECD: Norske ungdommar må velje rett utdanning

Medlem av Stortingets utdanningskomité, Norunn B. Tveiten (H), seier at fleire har argumentert for at gradert studiestøtte er ei interessant moglegheit.

Også Marianne Aasen (Ap) i same komitè seier til Studvest at gradert studiestøtte er noko som bør vurderast.

LES OGSÅ: Dyrast å studere i Australia

Blant studieretningane som kan bli omfatta av ordninga, er lærarstudiet. Lærarstudentar Studvest har snakka med er skeptiske til gradert studiestøtte, fordi dei fryktar fleire uengasjerte studentar.

Dei meiner heller at auka stipend er ein god idé, og at dette bør gjelde alle studentar.

– Viss ikkje risikerer ein at studentar som går på studiar utan ekstra støtte kan oppleve det som at dei studerer noko unyttig, seier Mats Tellefsen, student ved Høgskulen i Bergen.

Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) har lenge vore for gradert studiestøtte, og stiller seg bak OECD-rapporten. Organisasjonen meiner i tillegg at betre og meir profesjonell karriererettleiing i vidaregåande skule vil vere eit viktig tiltak for same mål.

LES OGSÅ: Her er dei beste universiteta